Intervju
Svisdalsamtala
Lars Svisdal la i frå seg manuset, og trudde at han hadde slutta å skrive. Då løsna det for manuset som han skulle vinne Tarjei Vesaas debutantpris for.
Lars Svisdal står langt inne i dalen og heng opp ei fuglekasse når eg ringer han. Førdagen stod han her og glodde og drøymte om framtida til småbruket. Ein flokk rugder
kom over tomta. Svisdal lo høgt. For først forsøkte bokmeldarar å kople boka hans til Vesaas’ litteratur. Så fekk han Tarjei Vesaas’ debutantpris. Og så flaug altså eit rugdetrekk – som Mattis i Vesaas’ Fuglane er så oppteken av – forbi.
Den 34-årige fjorårsdebutanten Lars Svisdal er på besøk hos svigerforeldra i Bergen. Samtidig er han innom sin eigen, ganske nyleg erverva eigedom, eit falleferdig småbruk utanfor Fana. Det er ti år sidan nordmøringen gjekk på Skrivekunstakademiet her i Bergen. Sidan har han budd mesteparten av tida i Sogn og Fjordane, og arbeidd som lærar. Han har òg fått eit par ungar, og debuterte hausten 2018 med det polyfone turisthyttekammerspelet Seg til Inkjes.
Svisdal har til felles med Tarjei Vesaas at dei begge var odelsgutar, at dei begge var atterhaldne til å drive familiegarden, og at dei brukte ganske lang tid på å debutere. Medan Vesaas enda med å brenne eit manus, heldt Svisdal ut, og fekk til slutt debutantprisen som Vesaas oppretta med pengane han fekk frå Nordisk Råds Litteraturpris.
Arbeidet med Seg til inkjes byrja med at ein redaktør frå Gyldendal vitja Skrivekunstakademiet og las Svisdals forteljing om slakting av ei ku i ei elv. Den scena skal ha vore noko av det sterkaste redaktøren hadde lese i heile si tid. Berre eit fragment av slaktescena er att i den ferdige boka, men romanen er framleis intens. Den er lagt til nokre sommarveker, og skjer stort sett på ei turisthytte oppe i ein dal.
Bygdepsykologi
Når eg seier at eg meiner at debutboka har meir til felles med den tidlegare Vesaas-vinnaren Helga Flatlands stil enn med Vesaas sjølv, så kjenner ikkje Svisdal seg heilt att.
– Eg har lese bøkene til Helga Flatland. Og ikkje til forkleinelse for henne, men eg hadde nok ikkje dei bøkene i tankane då eg skreiv. Eg trur at ho har ambisjonar om å rekkje over mykje meir enn meg, med det politiske med Afghanistan og så vidare.
– Som Flatland skriv du empatisk og klokt. Du skildrar til dømes veldig fint det limboet mange opplever som ung vaksen. Ein er ferdig med puberteten, men har ikkje forsona seg med foreldra igjen.
– Ingebrigt (person i boka, journ. anm) er oppe i tjueåra og kunne ha forsona seg med foreldra sine. Men han er mest oppteken av kor underlegen ein kan kjenne seg foreldra sine. Det er ikkje ei kjekk kjensle. Ikkje berre fordi Ingebrigts mor er dominerande og har mykje makt, men òg fordi ho ikkje vil han vel. Olaug (mora, journ. anm) krenker sonen. Ein kan ha ein frykteleg skadeleg dynamikk med ungane sine. Men til tider har eg lurt på om eg skildrar Olaug nærmast parodisk?
– Om du spør meg, så vil eg seie nei. Du får fram kvifor Olaug er sint og slem. Ho har vore gjennom ein nesten invalidiserande fødsel, og mannen hennar er vel heller udugeleg. Ho er nesten aleine om turisthytta, som går i underskot.
– Det første kapittelet som Olaug fortel er det som fekk meg i gang for alvor. Eg veit ikkje heilt kva som skjedde, men eg koste meg så veldig med det. Det slo meg ikkje før ganske seint at det er veldig mange damer i boka. Damene balar og får skulda. Eg driv og postulerer slike kvinneskikkelsar.
Den sinte og slemme Olaug, den smarte og gravide Gjøa, den vennlege Therese og nabokvinna med personlegdomsforstyrringar er nokre av kvinneskikkelsane i romanen. Det byrjar med at den gravide attenåringen Gjøa kjem frå bygda nede i kommunen, for sommarjobb på hytta. Ho kjem til dalar og sikt til fjell, vatn, og stiar over til vidder og andre turisthytter. Ein kan førestille seg Vangshaugen i Grødalen, der det, som i boka, er innsjø, elv, ein bilveg heilt inn til hytta og fotstiar ut til ymse fjellheimar og -område. Svisdal har sjølv vore såkalla kokk på ei anna turisthytte i Sunndal, nemleg i Innerdalen. Slik veit Svisdal vel at turisthytta, med sitt avgrensa område, er eit godt rom for kammerspel. Det er oversiktleg, men mangfaldig. Ein har halvoffentlege stader som frukostsalen og resepsjonen, der vandrarar støtt ramlar inn med turutfordringane sine. Så har ein dei indre gemakka; dei tilsette sine private rom, og sjefane sine kontor med haugar av kvitteringar og rekningar. I Svisdals bok er hytta i privat drift, og går med underskot. Drifta er heile tida på randen av konkurs. Ein er på grensa mellom sivilisasjonen og vidda. På turisthytta klyngar folk seg saman – saman mot byen, saman mot den potensielt livsfarlege villmarka. På Svisdals fiktive hytte Fægrane er ikkje samværet alltid noko godt. Den bitre, redde og desillusjonerte Olaug personifiserer dårleg foreldreskap. Ho er òg frustrert over dei negative tala i rekneskapen. Alle vil vekk men sit fast, som det står i grunngjevinga for Vesaasprisen. For Svisdal skriv med psykologisk innsikt om den rastlause situasjonen det kan vere å vere ungdom på bygda.
– Det slo meg ganske nyleg at dotter mi på tre og eit halvt år sannsynlegvis, viss vi blir buande i Sogn, ender opp på ein annan stad enn meg. Det er ein sår ting, men det er logisk: Vi som kjem frå bygda flyttar oftast frå plassen vi kjem ifrå.
Fordlytningar
Tjuetre år gamal kom Svisdal til Skrivekunstakademiet i Hordaland i 2008. Der gjekk han ilag med mellom andre Lars H. Raavand og Sivert Nesbø, som han seinare starta skriftserien Ir med. Etter dette jobba han i fire-fem år med eit manus før han tenkte at «ta her e berre tull og fjas». Redaktøren var til dels samd. Svisdal tok jobb som lærar og la skrivinga heilt bort. Men brått var han i gang att. Og denne gongen skreiv han godt. Kva forløyste skrivinga?
– Heilt sikkert at eg slutta å skrive eitt år. Det er mange ting vi driv med som ikkje er så fruktbare og ikkje så bra for oss. Eg trur at mange hadde hatt godt av å slutte med ting oftare. Eg høyrte ein økonomisk teori på noko tilstøytande. Frykteleg mange tviheld på forretningar fordi dei allereie har investert for mykje i det. Det har gått for langt til at ein kan slutte med det.
No kan Svisdal og familien nesten når som helst forlate jobbar og bustad i Sogn og begynne eit nytt liv her oppe.
– Dette gardsbruket kom til sal for eit par år sidan. Det er både buplikt og driveplikt. Men det er ingen plass å bu her og ikkje noko å drive med. Så. Målet er å skaffe seg ein jobb eller to i Bergen og bygge hus og alt mogleg.
Lars Svisdal var altså sjølv odelsgut, og sa ifrå seg odelen så snart han vart myndig. Grunnen på heimgarden vart truleg rydda ei stund før år 1000. Tunet på garden har vore det same sidan då. Med andre ord er det ein lang tradisjon som hadde vorte ført vidare om Svisdal hadde valt å drive garden der. Det var den typen gard som mi eiga mor reiser i tre timar berre for å gå på ein huskonsert i. Svisdals onkel, naboen, husa konserten. Men alle gardane der oppe i Sunndalen har til felles at dei er usannsynleg velhaldne, trass i at dei ligg avsides alle sentrum. Nærmaste bygd er Sunndalsøra, med aluminiumsverk og vidaregåande skule. Dialekta øvst i Sunndalen er såleis ein blanding av kystmøring og fjelltrønder, iblanda sine eigne særmerke.
Svisdals lokalavis, Sunndalsavisa Driva, sin meldar har drege fram det særeigne språket og har tileigna det Svisdals dialekt. Her er ein del ord som er typiske for Indre Nordmøre, men også ein del framande formuleringar. Fline og flås. Og seg til inkjes og heilt utor inkje, for å nemne noko.
– Fline og flås er sogneuttrykk som eg fekk då eg jobba i Vik i Sogn. Inkje er gamaldags nynorsk. Det er ikkje eit uttrykk som folka eg skriv om ville ha brukt. For min del var det ein internspøk med meg sjølv. Eg tykte at det å bruke inkje blei mesta litt for frisloppe. Seg til inkjes er eigentleg ei omskriving av eit uttrykk som far min bruker. Tinkjes, seier far min, om folk eller dyr når dei er udugelege, altså sterile.
– I kva grad er Seg til inkjes skrive i dialekt frå Svisdalen?
– Noko av det typiske for dialekta vår at vi snur om på verbal og objekt. Ka du gjer. Ka du heite. Eg brukte denne ordstillinga gjennom boka. Men då boka skulle i trykken fekk eg eit panisk innfall om å vaske dei vekk, mest i ein sistesjanspanikk. Boka var allereie sendt til trykkeriet, så dei er framleis mykje godt med. Men det er ein knivsegg med dei språklege krumspringa. Eg hadde ingen ambisjon om å bli den nye Olav Duun. Eg skreiv dialektalt fordi det var viktig å få på plass eit portrett av plassen.
Turisthytta som samtidsbygd
– Det litterære universet ditt er eit møtepunkt mellom noko opphaveleg og noko supermoderne. Du kunne ha fjerna alle moderne tidsmarkørar og skapt eit meir modernistisk verk. I nokre avsnitt er det tidlaust. Men du har òg avsnitt med høgteknologiske fjellklede, skyping, mobiltelefonar, og så vidare.
– Det tok mange år før eg torde å ta teknologi inn i manuset. «Hald reint, hald reint», tenkte eg. Men utgangspunktet mitt for å velje turisthytta var at det er eit komisk bilde av samtidsbygda. Vi har framleis eit bilde av Noreg som ein naturnasjon, der ein driv friluftsliv. Og heilt sidan 1800-talet har ein forsøkt å drive turisthytter. Ein har i dag Airbnb og enklare måtar å marknadsføre overnattinga si på. Men så har ein desse galningane som forsøkjer å drive moderne turistnæring i ei så utdatert form på ein stad som lell framleis mange tenkjer på som essensen av norsk friluftsliv. Eg synest elles det har vore interessant å skrive om folk i Noreg i dag som har dårleg råd. Sjølv er eg vaksen opp med at vi ikkje hadde meir enn det vi trong.
– Ja, du skriv om Olaug som er avhengig av ektemannen Gunnar si løn frå aluminiumsverket for å dekke underskotet i turistnæringa. Ho er nesten meir av ein tynga arbeidar enn det Gunnar, den såkalla arbeidaren, er. Gunnar sit no der i resepsjonen med hendene bak i nakken og vippar på ein stol.
– Sidan 1950 er alt i Sunndal basert på aluminiumsverket. Det er enormt mange som jobbar der. Verket har veldig store midlar. Det er ikkje alltid arbeidskulturen har vore så god, og dei har ikkje alltid vore valdsamt hardtarbeidande. Eg har ikkje eit forsett om å skrive arbeidarklasselitteratur. Eg er ikkje arbeidarklassemann og hadde ikkje eit godt utgangspunkt for å få det til.
– Måten du har skildra Gunnars haldning er vel eit flott indirekte portrett av den arbeidskulturen. Men dette tek meg til ei anna absurd-vittig scene i boka di, der skyttarlaget plutseleg kjem til hytta. Dei sit litt, får ei kanne kaffi, og så fer dei. Skyttarlag inn, skyttarlag ut, utan vidare. Kva var det?
– Ja, ta her synest eg er artig med Noreg. For fem år sia flytte vi til Leikanger i Sogn, der sambuaren min har jobba i kommunen. Dei absolutt største organisasjonane i kommunen er jakt- og fiskelaga. Desse laga er ein merkeleg stor og viktig del av organisasjonskulturen i Noreg.
På skyttarstemne, iallfall på Nordmøre, og særleg i Sunndalen, er vaflar i sentrum. Det same gjeld på denne turisthytta som Svisdal skildrar. Der er vaffelsteiking ei forbanning som dekkjer hud og hår med ein type feitt som ikkje går av i kaldt/halvlunka hyttevatn. Såleis smittar den ny-gravide Gjøa sin kvalme over på lesaren, og ein får kjenne noko av klisteret i situasjonane på kroppen. Men vaflane er jo eit kriterium og ein karakteristikk for fjellhytter så vel som sjømannskyrkjer og skyttarstemne. Svisdal har gjort seg ferdig med portrettet av turisthyttemiljøet. Kva skriv han på nå?
– Eg har ei ny bok i hovudet, det har eg. Men det skal visst vere fordømt vanskeleg å skrive bok nummer to. Eg får berre sjå då kor vanskeleg det blir. Det eg fryktar mest er at eg skeiner ut i noko veldig smalt. Eg har ikkje skrive eitt ord sidan eg var ferdig med Seg til inkjes. Eg har sett at det kan komme fort når ein først sett seg. Men eg trur at det som kjem kan bli litt vanskelegare å lese.
– Er du travel etter Vesaasprisen? Masse oppdrag?
– Eg skal til Lillehammer no i mai. Eg har elles dumpa borti gode ting sidan eg fekk prisen. Eg kjenner meg heldig. Eg kjenner andre folk som skriv like godt som meg som ikkje har fått ein slik pris.
Pølse og pils
Eg vil høyre om dei han kjenner som skriv like godt har bruka ti år på ei bok. Men lina skurrar. Det er dårleg dekning inne i dalane ved Bergen. Eg var for så vidt budd på det. Svisdal ville avtale eit eksakt tidspunkt for oppringinga slik at han kunne stå på eit punkt med dekning. Tjue minuttar frå Bergen sentrum, altså. Men med dårlegare dekning enn hans fiktive fjellhytte Fægrane. Når eg høyrer Svisdal igjen, er det òg ei anna røyst der. Ein eldre kar med bergensdialekt henvender seg stadig til Svisdal, medan Svisdal forklarar for han at han er i ein annan samtale no, at han er på telefonen. Naboen pratar og pratar. Det handlar visst om fuglekassa. Overalt, og uansett kor langt frå sentruma ein busett seg, finst det naboar som ein må forhalde seg til.
– Det er ein ting som er kjekt med å ha kjøpt ein annan gard, og det er at der oppe i Svisdalen er det fleire hundre år med historie å ta vare på. Det einaste eg veit om denne garden er noko om at det budde folk her som skulle drive med pølsemakeri. Men dei var for forfylla til å få det til. Øl og pølse, altså. (Lina blir dårleg igjen, men eg trur at han seier «øl og pølse skal vi få til.»)
– Korleis ser det ut rundt deg der du står?
– Det er mykje fuglesong og veldig vårleg. Det som er litt artig her er at det ikkje er mykje innmark. Det er framleis mogleg å velje kva som skal vere kulturlandskap og ikkje. Eg fann ut at det er innmari mykje hegg her. Viss ein ikkje slår så kjem heggen. Eg trur ordet hegg var opphav til orda hage og hekk. Men han luktar godt. Det er ein ting som trugar litt, og det er at ein kan få utbygging. Det er jo så sentrumsnært. Men akkurat no er det frykteleg idyllisk her. Framtida ser bra ut.
Så sikrar Svisdal husa for småfuglane; eitt par for svalene under gavlen, og for sporven; i eit tre. Tuntre har han òg planta denne våren. Så er det berre å få opp hus å bu og drive i, og finne ut kva ein vil drive med i husa. Turisme, kanskje?
Mette Karlsvik (f. 1978) er ein forfattar frå Nordmøre, med bakgrunn frå m.a. Glasgow School of art og Skrivekunstakademiet i Hordaland. Hennar første roman vart tildelt Tarjei Vesaas’ debutantpris i 2005. Hausten 2019 kjem hennar neste roman, Meieriet.
BLA 5/19. 16.05.2019