Foto: Forlaget Oktober.

Knölpålken bak blomstervasen

Eg er ein forfattar som skriv fram stoffet på sida av det som fyller verkelegheita, slik alle forfattarar gjer det, men eg vel ofte linjene «over der» eller «bak der», skriv Eirik Ingebrigtsen.
20.10.2021 - 11:14

1) Eg ventar på romanen. Og medan eg ventar, skriv eg på den same setninga i tanken, den same scenen om igjen, eg ser for meg ting knytt til denne scenen: Huset; eg veit ikkje fargen, det er oftast mørkt, eg ser det nedanfrå, det ruvar storbondsk der oppe, som om Trygve Gulbranssen har lest skissetanken min og oppjustert bygningsmassen med eikebord frå himmelriket trass gretne kommentarar frå Thomas Bernhard der borte i ørelappstolen. Låven; den er meir smålåten, bernhardsk-skakk, men vakker, slik dei fleste låvene eg legg merke til, i kulturlandskapet, er. Lyset; lyset frå låven, utan at eg heilt veit kva det lyset er eller skal vera, eller kor det kjem frå, er det i låven eller kjem det eit skin inn gluggane? Årstidene; dei skiftar, til no har vinteren dominert, men eg ser lange linjer i dette stoffet og trur at vinteren forsvinn og kjem tilbake ein og to gongar. Blodet i vegbanen; diskusjonen eg har gåande om blodet kjem frå eit vanleg eller meir uvanleg dyr, eg glisar mot det nazistiske, svenske villsvinet før eg føyser tanken vekk, men det er ikkje så langt unna, det merkar eg. Og vidare; alle kistene som står stabla utanfor sagbruket og ventar på å bli henta, utan at det har noko med blodet i vegbanen å gjera. Og så, inntil dette; eg ser for meg nokre personar knytt til scenen, ikkje for mange, dei er enno vage, det er heilt greitt, eg vender meg vekk frå denne scenen, eg kjem tilbake, eg skriv ikkje, men skrivearbeidet er likevel i gang.

2) På ein av Ivar Lo-Johansson og Harry Martinsson sine promenadar i Stockholm, slo Lo-Johansson fast at «litteraturen måste ta till knölpålken» (ein slags klubbe) og ikkje stå fram som «liberalism upplandad med estetisk vispgrädde», dette i kontrast til Martinssons draumerealisme, dikt vevd av nesler, blåveis, marianøkleblom: «Av alla blommorna vill jag väva min diktmatta», sa Martinsson (Författaren, Ivar Lo-Johansson, Bonniers 1976). Ei matte å gå på versus ei skjønn matte å sjå på. Eg, for min del, vil gjerne ha ei streit matte, gjerne gråblå, å gå på. Ekstra bra om det er plass til eit lite bord ved matta. Og på bordet, ein vakker blomstervase, gjerne med marianøkleblom.   


Artikkelen er 1319 ord lang.

Du må være abonnent for å kunne lese denne artikkelen

  • Ordinært abonnement
  • Privatabonnement
  • Korttidsabonnement
Emneord: