Å synleggjere det usynlege

I Nathalie Sarrautes debutbok Tropismer speler namnlause menneskes flyktige indre seg ut i sakte film, situasjon for situasjon, sett gjennom ei makrolinse prega av frykt.
20.10.2021 - 11:12

Alle levande organismar lever i samspel med omverda. Vi menneske både påverkar og blir påverka; vi set spor etter oss i golva vi går på, så vel som i folka vi møter eller berre passerer, og i plantar vi vatnar eller gløymer å vatne. Likeins ber vi i oss spor etter andre, etter hendingar og veksttilhøve. I botanikken kallast effekten av slike påverknadskrefter for tropismar, så som gravitropisme (tyngdekraft), tigmotropisme (berøring, som vind eller vatn) eller fototropisme (lys og mørke). Eit synleg og kjent eksempel på sistnemnde er solsikkas heliotropisme. Alle har sett solsikker som vender seg mot sola og følger ho gjennom dagen, lukkar seg om seg sjølv om kvelden, og tar fatt igjen neste dag, strekker seg etter strålane frå den store stjerna i Mjølkevegen. På fransk heiter solsikkene passande nok tournesol, av tourner (vende, snu, snurre) og sol (kort for soleil, sol).

Temaet som trengte seg på



Artikkelen er 1463 ord lang.

Du må være abonnent for å kunne lese denne artikkelen

  • Ordinært abonnement
  • Privatabonnement
  • Korttidsabonnement
Emneord: