Intervju
Kleivakonversasjonen
Rønnaug Kleiva tel kor mange vårar ho har att.
Rønnaug Kleiva slepp meg inn ti over fem. Eg skulle ikkje ha vore der før halv seks og orsakar meg. Kleiva seier «Det er ingen problem. Her er vi veldig avslappa. Eg pussar opp, det ser ikkje ut, sjå!» Kleiva peiker på eit tak i taket. Takhøgda er visst lågare enn sist. Men det er det berre Kleiva sjølv som ser. Gangen er framleis stor som ei stove, men med handtverkarlys og ein heil del støv overalt. «Vi gjer det sjølv, eg og særbuaren min, det var eit leven her i går. Gipsplater som ramla i golvet,» fortel Kleiva. Stova er varm, med raude veggar. Under kaldt lys gror spirar som til våren blir plantar i Kleivas kolonihage på Sogn. Alle vindaugskarmane har grøne planter. Nokre bokhyller har to lag med bøker. Her skriv Kleiva. Dei siste åra har ho skrive forteljingar: Noveller som blandar det stramme og nøkterne med noko slentrande og kledeleg kool. Den nye boka hennar kom nettopp frå trykkeriet. Nesten varm enno: Western Desert.
– Du byrja med ei forteljing i Barnetimeboka og fortsette med dikt for Kvinner og klær. No kjem desse novellene. Er ein sirkel slutta?
– Nei, det var ei meir tradisjonell forteljing eg skreiv til Barnetimeboka. Få eksperiment der. Eg likte å skrive og å få skriveoppgåve på skulen. Men eg visste ikkje at det fanst noko som heit forfattar, seier Kleiva.
Til døden og livet
Western Desert er heller modernistiske forteljingar, med ein svart humor som kritikar Carina Beddari skildrar som «skapt av det illusjonsløse, eller beint frem kyniske» (Morgenbladet, 24/2-2017). I novellene finst ikkje eitt namn, knapt nemning av kjønn. Lesaren kan identifisere nokre stadar i boka, men elles er dei imponerande tidlause og utan markørar. Stil og tema er til å kjenne att. Stilen: nøktern, usentimental og økonomisk. Økonomisk har Kleiva også blitt når ho vel kva tema ho tar opp. Ho går rett til der det brenn. I Western Desert: til døden. Og dermed også til livet.
– Å klare seg. Dét er eit mønster som eg ser går att i bøker som eg har skrive. Vaksne og barn som greier, på sitt vis, livet. Ein gamal nabo av meg på Vartdal sa alltid det: Livet er ikkje lett. Prøv det den som vil.
Rønnaug Kleiva blir fødd som den tredje jenta av fem på ein gard ein ferje- og busstur frå Ålesund. Vartdal ligg nært ope hav, men er likevel skjerma av øyer og landtunger. Mor hennar er den einaste kvinna i bygda som har artium og er òg den einaste som køyrer traktoren sjølv. Også med reiskap, som ho skifta. Til silosvans, til dømes. Fru Kleiva er ein framifrå svansar. I ei stove står skrivemaskin og i ei anna stove ein radio. Kvar laurdag samlar Rønnaug og søstrene seg kring radioapparatet og høyrer Barnetimen. Ein kveld inviterer Barnetimen ungar til å sende tekstar inn. Vesle Rønnaug set seg ved skrivemaskina og lagar sin eigen underhaldning: Ei forteljing, som blir trykt i Barnetimeboka. Rønnaug blir invitert til Marienlyst for omvising i NRK. I bildeteksten i ein VG-artikkel blir ho og nokre andre kalla «medarbeidarane i Barnetimeboken rundt ein gaupeunge utlånt frå Zoologisk museum». Som den gaupeungen er Kleivas siste bok: ved rask gjennomlesing nesten berre fin. Sakte snik dei seg inn; bilda av dei potensielt svært farlege karakterane.
– Eg skriv oftast om folk som ikkje berre er snille og gode. Men så er det jo slik i det verkelege livet også – det finst mykje styggedom som er skjult eller forsøkt skjult.
Ikkje kynisme, men realisme
På Vartdal på tidleg sekstital: «Ver forsiktig med folk som verkar for snille og hyggelege,» seier far til Kleiva.
– Eg trur det må ha gått rett inn. Eg er stort sett skeptisk og lurer på kva som finst under overflata. Det har ikkje hindra meg i å oppleve ting, ta meir eller mindre kalkulerte sjansar der eg hamnar i situasjonar som eg slit med å kome meg ut av når eg er ute og reiser til dømes. Men nei, menneske er ikkje berre gode. Alle med litt sjølvinnsikt veit dét. Eg kallar det ikkje kynisme, eg kallar det realisme, seier Kleiva.
Også den litterære stilen hennar blir stundom karakterisert som realistisk. Har det noko med oppveksten på Sunnmøre å gjere? Det som er sikkert er at Rønnaug, som lita, ofte tar seg turar til biblioteket i Vartdal. Ein dag kjem ho heim med Vesaas’ roman Tårnet, blir forferda og trist, og vassar ut til det høgste graset, legg seg og grin.
– Det var ei veldig sterk bok. Så eg la meg der eg ikkje skulle ligge fordi det ikkje var slått enno. Der blei eg ikkje sett.
– Du var ein moden unge som las realistiske, tidvis mørke Vesaas! Skreiv du sjølv mykje som unge og ungdom?
– Eg likte best å teikne. Eg ville ikkje lære meg å lese før eg måtte. Seinare har eg tenkt på det at det er mykje teikning i det eg skriv. Eg startar tekstar ut frå eit bilde. Det går eg ut ifrå.
– Kjell Askildsen har fortalt at novellene hans ofte byrjar med eit sterkt bilde, kanskje eit drøymt bilde. Når han har denne første scena, byggjer han novella vidare, setning for setning.
– Mine bilde er midt i tekstane. Eg byggjer teksten rundt dei.
Ihuga feminist
På gymnaset tener Kleiva pengar på å sende inn tekstar til bladet Kvinner og klær, som ho i ettertid kallar «følete dikt». Det er over tjue år sidan ho sist gav ut dikt.
– Eg har forsøkt å skrive dikt, men synest ikkje at eg får det til. Stundom plasserer eg mislykka dikt i prosaen min. Det blei vanskelegare etter at eg oppdaga Tomas Tranströmer. Han skriv så godt.
Kleiva er den første kvinna på Vartdal som giftar seg utan å skifte etternamn. Ungane får hennar etternamn.
– Eg er ein ihuga feminist. Men ikkje nødvendigvis på dei område andre meiner er obligatoriske, seier Kleiva, som lik mor si, tar artium. Ho utdannar seg til lærar i Bergen, spesialiserer seg på idrett og norsk, får eit barn undervegs, fire veker barselpermisjon midt på vinteren, og får jobb i Ørsta. Ho har mann, hus og to små barn når lokalavisa annonserer skriveseminar med Eldrid Lunden. I hui og hast skriv Kleiva eit par dikt og sender inn. Ho blir akseptert og reiser til seminar på Nordfjordeid. Etter kurset får deltakarane, ein etter ein, tilbakemelding frå Lunden. Lundens melding til Kleiva: «Til deg har eg berre ein ting å seie. Skriv! Skriv!» Rønnaug skriv Animasjon som kjem ut våren 1985 på Samlaget.
– Men eg fortalte ingen at eg hadde skrive den første boka. Eg trudde ikkje at det var sant. Ikkje før eg satt der med korrekturen; det var slike store ark den gongen, då torde eg ta det inn over meg. Eg trudde at det ville renne vekk frå meg om eg sa noko.
Eit skikkeleg menneske
Kleiva søkjer seg til forfattarutdanninga i Bø og kjem inn. Mannen steller heime i Ørsta medan ho tar inn på studenthybel i Bø. Der skriv ho utan stans i eit kvartal. Å fø fram ein kalv over vinteren kjem ut året etter.
– Eg skreiv og hadde det kjekt. Eg såg at livet hadde meir å by på.
– … du såg at du hadde meir å by på?
– Ja, det var vel det eg meinte.
Dei første åra av forfattarskapen har Kleiva full jobb i barneskulen.
– Ja, ein del år både jobba eller studerte eg, og skreiv. Pluss ungane. Det blei frustrerande og gjekk ikkje. Det er lenge sidan eg har vore eit skikkeleg menneske.
– Kva er å vere eit skikkeleg menneske?
– Eg snakkar då om å vere ute i vanleg arbeidsliv. Eg må vite kva vanlege folk driv med. Det er lenge sidan eg snakka med dei som jobbar på bussar og gardar og på butikken. Eg kjenner det som at eg blir dummare av å berre omgå intellektuelle og akademikarar.
– Du har levd eit halv liv som «vanleg menneske» og eit halvt liv som forfattar, her i Oslo. Kva hugsar du frå livet i Ørsta?
– Det var vanvitig travelt. Eg stod opp tidleg, fekk mat i barna og gjekk til skulen. Alt var kvardagar. Eg var nok ulykkeleg. Men eg hadde ikkje tid til å reflektere over det. Det var slik det skulle vere.
– Korleis liker du livet her, no?
– Det er nokre som trivst veldig med å ha vaksne barn og ha meir tid for seg sjølv og andre som synest det er trist. Eg liker godt å vere i fred og ha ein bustad der eg er aleine.
Saksøkt
På midten av åttitalet skil Kleiva seg og giftar seg på nytt, på nittitalet skil ho seg igjen og flyttar til denne bustaden i fjerde etasje av ein klassisk St. Hanshaugen-bygård. På tre soverom, to stover bur og arbeider ho. Ho gir ut bøker jamt og bryt i 1997gjennom med barneboka Ikkje gløym å klappe katten. Den får Kritikerprisen, Kulturdepartementets bildebokpris og blir nominert til Brageprisen. Eg har høyrt at ungdommar liker å snakke med Kleiva fordi ho «er småfrekk og direkte i tonen». Kleiva kallar seg sjølv eit «tidsvitne» som har sett verda endra seg drastisk frå etterkrigstida til i dag. At ho har med seg erfaringa frå det totalanaloge livet, men er, med tre vaksne velutdanna ungar, oppdatert på siste nytt. Romma rundt oss har også dette både-og. Gangen som har fått senka tak og støyisolasjon. Stova har framleis dei typiske taklistene frå 1930-talet.
Sist gong Kleiva pussa opp var då ho blei saksøkt. Ei kvinne meinte å kjenne seg att i ein karakter i romanen Ingen reell fare. Kvinna hevda at ho var rollefigur og kunne bli identifisert. Å bli tatt til retten var det verste som kunne skjedd Kleiva. Ho gjekk til fastlegen, fekk sovepiller, og pussa opp arbeidsrommet sitt. Kleiva kjem seg gjennom potensielt svevnlause og utmattande månadar. Og får, når det heile er over og romanen «frikjend» eit forbetre arbeidsrom der ho skriv meir enn før.
«Om ein ikkje veit kva ein vil, må ein vente til ein veit kva ein vil», står det ein stad i Ingen reell fare. Romanen visste kva han ville. Kvinna som kjente seg att klarte ikkje å trekkje han attende frå bibliotek og butikkar. Samlagsdirektøren på den tida, Audun Heskedal, seier at det er ei viktig prinsipiell sak for forlaget. «Den dreier seg om kva vilkår ein skjønnlitterær forfattar kan arbeide under her i landet.» (BT, 2003). Om kvinna fekk medhald ville skjønnlitteratur i prinsippet vere ulovleg i dag.
Meir forsiktig
Fem-seks år seinare kjem Min kamp. Knausgård får meir skryt enn slakt. Det same gjeld Tomas Espedals biografiske prosjekt. Kvinnelege kollegaer av Kleiva, som Elin Brodin, Hanne Ørstavik (Uke 43) og Vigdis Hjorth har fått noko kritikk for å bruke faktiske element og rollemodellar. Synest Kleiva at saka er interessant frå eit kjønnsperspektiv?
– Eg trur nok at om ei kvinne hadde skrive fleire tusen sider om seg og sitt, så hadde det blitt annleis mottatt, ja.
– Kva tenkjer du elles om at den reaksjonen skulle komme?
– Det er jo klart at ein bruker alle delar av seg sjølv og det ein erfarer i skrivinga. Men at det skulle komme ein slik reaksjon tenkte eg ikkje. Tvert om. Eg kalla romanen Ingen reell fare fordi eg frykta at kritikarar ville kalle det ei ufarleg bok og ville kome dei i forkjøpet.
– Men det viste seg å ikkje vere ei ufarleg bok. Boka fekk «meir merksemd enn du tykte var greitt». Kva gjorde det med deg som forfattar?
– Eg blei meir forsiktig. Til dels redd. Eg var mykje ute i skulen før dette. Då pleidde eg, på spørsmål frå ungar om kva eg skreiv om, peike på ungar sine føter, armar, øyrer og svarar at eg skriv litt om det, det, det: din fot, din arm, ditt øyre. Og eg trakk meg attende. Eg hadde tenkt å melde meg til frivillig arbeid med ungdom. Eg trivst med ungdommar og dei med meg, og eg byrja få tid til slikt.
– Men du klarte deg.
– Det har sett sine spor. Men eg tålte det.
Økonomi i liv og skrift
Ingen reell fare fekk gode meldingar. Aftenposten skriv: «Det er en svært økonomisk roman, barbert ned til punktskildring av en serie møter rundt den konflikten som naturlivis oppstår.» Romanen gjer Kleiva endå meir kjend som vaksenbokforfattar. I 2009 akkumulerer pressemerksemda, då det blir offentleg at ho blir festspeldiktar på Dei nynorske festspela. Dessutan tar det av rundt Knausgårds Min kamp-prosjekt. Ingen reell fare blir igjen tatt opp som døme på litteratur som utfordrar forholda diktnad vs. røynd og estetikk vs. etikk. På same tid skriv Kleiva meir dramatikk og lagar sitt eige rom som nynorsk forfattar og dramatikar, og blandinga av det. Prosaen hennar blir meir samtalebasert.
– Du seier at du tenkjer i bilde. Men å skape språkleg spenning i og med dialog er òg eit tankesett. Er dette lært eller noko du har naturleg i deg?
– Det stemmer nok at det er meir samtale i prosaen. Eg har jobba meir med dramatikk også, for scenen. Det er ein kjekk måte å skrive på, seier Kleiva, og hentar ut to av bøkene sine. Novellesamlinga Fangeteneste frå 2001 og dramateksten Kvinner med fingermanualar som blei bok i 2001. Ho viser ei knapt tre sider lang novelle. Tett, narrativ prosa. Denne blir til eit femti sider langt dramatisk verk for radio.
– Eg hadde aldri skrive dramatikk før då eg fekk denne utfordringa frå Radioteatret. Eg fekk vegleiing frå ein dramaturg, men det var lærerikt og eg oppdaga andre måtar å skrive på.
Boka ho viser er opplesingseksemplaret. Det har streker og teikn under, mellom og over ord og bokstavar. Trykk her, ein overgang der. Pause her, og stadige instruksjonar: «Aukande desperasjon» eller «Fortapt og roleg».
– Ein kan vere både roleg og fortapt, seier Kleiva. Det er mykje mørke, død og galgenhumor i dei siste litterære verka hennar. Så mykje at Agnes Ravatn kommenterte den manglande optimismen på vegner av til dømes ekteskap. Kleiva trøysta intervjuar Ravatn med at «livet ikkje er lett, men at det blir betre med åra» (Dag og tid, 2010). Kleiva står framleis for påstanden seks år seinare, men ser òg at det har ein ende.
– Vi får styre gjennom det på ein måte. Eg har få år att å skrive og leve og sjå vårar.
– Tel du vårar?
– Ja, eg gjer det. Eg er 65 no og tel kor mange gode år eg har att, kanskje til eg blir 70? Då kuttar du ut det uvesentlege. Som ung er ein meir prega av konvensjonar. No gidd eg ikkje prøve å vere pen. Eg går ikkje på arrangement som eg ikkje har lyst til å gå på eller til selskap der eg kjeder meg.
– Du blir ofte kalla ein nøktern og økonomisk språkbrukar. Har du no også blitt meir økonomisk i høve saksområde og type forteljingar som du fortel?
– Ja. Eg må skrive om dei viktigaste tinga først, prioritere det som brenn mest. Eg blir også mindre redd med åra. Eg lar forlaget vite at eg har planer. Redaktøren får lese manus også før eg sjølv kjenner meg heilt ferdig.
– Kva planer har du?
– Eg har mykje på hjartet og har prosjekt som står i kø. Som det ordensmenneske eg på mange måtar er, lagar eg liste over prosjekt. Der står dei, prioritert, med arbeidstitlar, sjanger og når eg tenkjer at dei skal bli ferdig.
– Kva står på lista?
– Eg kan seie at eg skriv på ein roman.
Western Desert har blitt ei samling stilreine, umiskjennelege Kleivanoveller som i carveresk stil portretterer død. Vi følgjer ein kjend forfattar til grava og minnestunda etterpå, ein enkemanns liv som aleinepappa og opptil fleire menn i midtlivskrise. Kleiva kommenterer lakonisk: «Midtlivskrise er ein form for død». Kleiva har sjølv vore der. Og klarte det.
Faktaboks:
Fødd i 1951 i Vartdal, Sunnmøre
Har cand. mag. frå lærarskulen i Bergen, med idrett grunnfag og norsk mellomfag, og har jobba 15 år i barneskulen
Gav i februar sin 27. bok, novellesamlinga Western Desert
Var Festspeldiktar ved Vinterfestspillene i Bergstaden i 2001 og ved dei Nynorske festspela i 2010
Har motteke litteraturprisar som Kritikarprisen for barne- og ungdomsbøker, Kulturdepartementets barnelitteraturpris, Samlagsprisen og Sigmund Skard-stipendet