Intervju

Lyrikkritikk til folket!

Krabben poesikritikk ønsker å «bygge poesioffentlighet». BLA har mailet med ansvarlig redaktør Sindre Ekrheim om tidsskriftets ånd og ideer.

Krabben siktar mot fleire mål. Krabben vil, sjølv om det høyrest ambisiøst ut, bidra til å byggje poesioffentlegheit. Det skjer ved at Krabben publiserer poesikritikk, gratis og tilgjengeleg for alle interesserte, sier Sindre Ekrheim. Bildet viser en behornet spøkelseskrabbe. Kilde: Wikimedia Commons.
Publisert digitalt

Et nytt forum for litteraturkritikk har oppstått: Krabben poesikritikk. La oss begynne med navnet: Hvorfor «Krabben»?

Eg tenkjer namnet Krabben etablerer eit assosiasjonsfelt som er passande for prosjektet: Krabben rører seg ikkje rett fram, men sidelengs med sine ti føter, «forsiktig og på skrå», slik Inger Hagerup uttrykkjer det i eit dikt. Poesien er jo ofte knytt til vesen med vengjer, men krabben har korkje vengjer, finner eller luffar – den har klør. Krabben er ein altetar, han er havets søppelmann. Krabben lever i standsona og er eit grensevesen. Men Krabben er ikkje akkurat ein utprega litterær og mytologisk skapning, han står litt utanfor det typisk litterære og poetiske området. Hos Ovid står krabben mellom det flytande og faste. Ovid let også krabben markere starten på sommarårstida. Kjem ein nærare vår tid, har krabben divergerande funksjonar i litterære tekstar. I diktet «Den store flukta» («The Great Escape» (2002)) av Charles Bukowski vert krabben til dystert bilete på ei sosialt stabiliserande kraft. Hos Inger Hagerup representerer krabben aktsemd og klokskap, men òg bitterheit. Ordet Krabben har ein fin lyd. Den første stavinga gjer ein liksom litt usikker på kva slags vesen det er, kra, før sistestavinga med dei doble konsonantane fører ein gjennom lufta, ned på botnen: kra-bben.

Hva er målet med Krabbekritikken?

Krabben siktar mot fleire mål. Krabben vil, sjølv om det høyrest ambisiøst ut, bidra til å byggje poesioffentlegheit. Det skjer ved at Krabben publiserer poesikritikk, gratis og tilgjengeleg for alle interesserte. Å gripe tak i kvalitativt god norsk samtidslyrikk, inkludert gjendiktingar av utanlandsk poesi til norsk, er fundamentalt. Men Krabben dyrkar ikkje eit snevert dogmatisk poesisyn, tvert om synest me det er viktig å formidle den store breidda i lyriske former og tematikkar som eksisterer i norsk samtidspoesi.

For å gjere poesikritikken meir relevant, ønskjer Krabben å utvikle poesikritikkens framstillingsformer og skrivemåtar, innafor visse grenser og grunna i faglege perspektiv. Men også den munnlege, auditive litteraturkritikken er vorten viktigare og er noko Krabben ønskjer å arbeide med. Å lytte til kritikk, i staden for å lese den, kan gjere at fleire orienterer seg i lyrikkoffentlegheita.

Krabben knyt til seg kyndige kritikkskrivarar frå ulike hald, både yngre og eldre. Hos Krabben kan ein lese tekstar av etablerte litteraturkritikarar, poetar og folk som arbeidar med poesi i akademia eller på bibliotek. Variasjon er eit nøkkelord. Ein tanke bak Krabben-prosjektet er å vere open for samarbeidskonstellasjonar med ulike aktørar. 

Poesikritikken på Krabben skal vere utforskande på eigne vegner og på lyrikkens, men alltid fagleg fundert og med eit auge for å gjere poesikritikken meir relevant. Det skal kjennast godt å lese kritikkane. Kritikken må difor ha ei utforming og eit språk som tilfører noko både til lyrikken, til kritikklesarane og samfunnet. Sjølv synest eg litteraturkritikken i dagspressa er vorten altfor standardisert og konform. Nokre få, enkle idear om korleis kritikken skal vere, verkar å vere styrande. Iblant tenkjer eg at litteraturkritikken er blitt til eit kontor av pseudojuristar med hovudoppgåve å kunngjere oppsiktsvekkjande dommar. 

Kanskje oppstår problemet fordi kritikaren betraktar seg sjølv som dørvaktar. Av og til lurer eg på om ein har tenkt grundig nok over elementa i metaforen. Gløymer ein ikkje at døra er samansett av fleire delar med ulike funksjonar? Dørbladet som ein lukkar eller opnar, stengjer nokon inne eller ute. Men om ein fokuserer på terskelen, den tverrliggande planken nedst, så markerer det ei opning og ein overgang til noko anna. Terskelen har ingen dørvaktarar. Terskelen er framfor alt berre ei opning og ein overgang. Ein kritikar kan gjerne vere dørvaktar for min del. Det eg meiner, er at litteraturkritikken også kan tenkjast i forlenginga av terskelen og opninga, ikkje berre dørbladet ­– som dørvaktarfiguren så å seie spring fram or. Dørvaktarfiguren i høve til litteraturkritikaren er høgst problematisk, på mange vis. Kanskje ein treng andre bilete og omgrep, rett og slett.

Dere er et av flere relativt unge nettidsskrift – om vi kan kalle dere det – som driver spesifikt med poesi, i tillegg til for eksempel Blekk. Hva tror du denne framveksten handler om?

Nye, billigare og meir effektive teknologiske publiseringsløysingar kopla til ei kjensle av at noko manglar i offentlegheita, er moglege forklaringsfaktorar. Så spelar sikkert også tilfeldigheiter inn. Eg likar å tenkje at det finst fleire enn ein trur som er oppteken av poesi, av å lære om han, som sjølv skriv eller som gjerne vil lese. Eg tenkjer at det finst eit slikt udekt behov. Det skjer visst mykje på nettet, på alle nivå, utan at eg har oversikt. Eg har ikkje noko belegg for å seie at denne framveksten berre gjeld poesien. Om det er slik, er det berre å ønskje det velkomen.

Krabben er dedikert eksklusivt til poesi. For å spørre stort: Hvorfor? Er det noe spesielt kritikken av poesi kan gi?

Krabben presenterer berre poesikritikk. Me publiserer ikkje dikt og poesi. Berre viss dikt inngår i ein del av den kritiske refleksjonen, blir dei siterte. At avisene publiserer lite diktkritikk for tida, men framleis prentar bokmeldingar av romanar og andre sjangrar, er prov på at det er noko spesielt med poesien og poesikritikken.

Krabben ønskjer sjølvsagt ikkje å sektorisere poesien og gjere den til eit reservat lausrive frå litteraturen og samfunnet. Lyrikken høyrer til den allmenne litteraturen og til samfunnet, men det verkar ikkje å vere tilfellet når det kjem til interessa frå avisene og talet på poesimeldingar der. Ingenting er betre enn om Krabben kan bidra til å snu tendensen. Og dermed ikkje sagt at poesikritikken er i orden slik den er no, det er mykje ugjort i poesikritikken som ein kan og skal gripe fatt i.

Tilbake til spørsmålet ditt om poesikritikken «gir» lesaren noko spesielt. Poesien og poesikritikken er ikkje det same som prosa- og romankritikk. Lyrikken er i ei særstilling som den friaste litterære sjangeren: Tenk berre på spennet mellom eit ekspansivt langdikt og eit fortetta kortdikt. Dei representerer diametralt ulike måtar å tale og organisere språk på. Diktets liner går også inn i det grafiske uttrykket. Som lydbølgjer går diktets liner også inn i dei akustiske og auditive forholda ved språket. Diktet kan vere komplekst. Diktets eigenart består mellom anna i at diktet kan lukkast med å setje saman ord på ein slik måte at dei kallar fram heilt nye reaksjonar og bilete som kan ugyldiggjere våre vande kategoriar. Sidan diktet aktiverer heile organismen til lesaren, intellektet, kjenslene, intuisjonen, kunnskapane, minna, musklane og nervesystemet, så krev poesikritikken andre måtar å nærme seg språkobjektet på. Men ved kritisk å føre diktets liner ut til lesaren, ut til anna dikting, ut til samanhengar utanfor diktet, ut i samfunnet, så vil diktkritikken også gi ny erkjenning, ny orientering.

Diktet er eit fleirtydig meiningsobjekt. Diktet treng lesingar. Men det er noko paradoksalt i poesien, som verkar å overflødiggjere poesikritikken: Poesiens utsegner er nett slik dei er fordi dei berre kan uttrykkjast på det viset dei er uttrykt. Men poesikritikken, gjennom analytiske tilnærmingar, verkar attende på diktet. Den klargjer enkelte aspekt og nyanser ved diktet utan at den maktar å uttømme diktet og diktopplevinga fullstendig. Det er difor me også treng diktet.

Som digitalt tidsskrift kan dere prøve ut andre formuttrykk enn på papir: Vi noterer at tekstene er lange, assosiative, og dessuten at de også finnes innspilt som lydfiler, med jingle og det hele. Hva er det disse fleksible flatene tilbyr dere?

Krabben er, som eg har sagt, ein eksponent for ein fagleg fundert og utforskande poesikritikk, som også bevegar seg seg utanfor meldarspråkets tronge rammer. Krabben dyrkar både langkritikkforma og kortkritikken. Å skrive kort, fyndig og relevant om ei poesiutgjeving er like krevjande som å skrive lange, reflekterande og analytiske kritikkar.  

Mangfaldet i flatene er også tenkt som eit tilbod til lyrikkpublikumet. Viss ein gjer bruk av fleire flater, vil også kritikken kunne finne fram til nye bruksområde. Taleopptak av kritikkane gjer at ein til dømes kan lytte til poesikritikk uavhengig om ein sit stille eller er i rørsle. Krabben vil også ha fysiske arrangement med kritiske poesisamtalar, som seinare vert publiserte som podkastar på Krabben. I tillegg har Krabben planar om å vere til stades på papir, i bokform, i Årskalender for lyrikk. Her vil bokmeldingane på Krabben samlast og supplerast med oversynsartiklar. Håpet er at Årskalender for lyrikk kan bli nytta i biblioteka eller i forskinga eller vere eit tilbod til den interesserte lesaren som ønskjer å halde seg oppdatert. Dette handlar om å finne nye bruksområde til, og brukarar av, poesikritikken.

Tidligere har du drevet nettstedet Humbaba, med undertittelen «Poesi og poesikritikk» – siste innlegg var i april 2021. Er Krabben en videreføring av Humbaba-prosjektet, eller noe ganske annet?

Humbaba har kvilepause. Eg vil framleis halde liv i Humbaba. Krabben er på visse områder ei vidareutvikling av Humbaba. På Humbaba skriv eg alle tekstane sjølv, og det er strengt teke meir å rekne som ein poesikritikkblogg. Krabben er eit tidsskrift, det har ein redaktør og eit redaksjonsråd. Krabben bestiller tekstar hos ulike skrivarar og betalar gjeldande honorarsatsar for kritikkbidraga. I tillegg samarbeider Krabben med andre tidsskrift og institusjonar. Me har idear om korleis kritikken kan finne nye finansieringskjelder. Dessutan ønskjer me å utnytte synergiar som nettsida skaper.

Det finnes en allmenn oppfatning, eller fordom, om at poesi generelt er «vanskelig». Mange lesere, selv kritikere, frykter å skrive om den. Vi antar at du, som formidler og kritiker av poesi, ikke nødvendigvis deler deres bekymringer. Men er det ikke noe i det?

Livet er også vanskeleg og konfliktfylt til tider. Det gjer at livet betyr noko. Skjønnlitteratur har liksom ikkje berre med kommunikasjon å gjere. Viss skjønnlitteraturen berre kommuniserer, kommuniserer den stort sett ingenting. Skjønnlitteraturen betyr. Eller litteraturen finst i spennet mellom at den er ingenting og, i neste augeblikk, alt. Poesi er berre fluelort på eit papir, heilt død. Poesi er berre tull. Men alt dette tullet kan brått bety noko. Poesi kan verte til ein alvorleg leik med ord. Så enkelt og så vanskeleg kan det vere. Nett fordi poesien betyr har poesien rom for lesaren. Og ikkje berre rom, poesien involverer heile lesarens organisme, intellekt, kjensler, intuisjon, analyse. Og det er difor poesien blir vanskeleg. Poesien konfronterer deg med dine eigne fordommar og oppfatningar, ikkje fordi poesien medvite angrip deg, det er noko som skjer når poesien stillar fram plankartet til nye verder, då trur ein feilaktig at poesien prøver å pådytte ein noko. Men poesien er mangfaldig. Den finst poesiar som ikkje har pretensjonar om det komplekse, den vil berre syne fram noko veldig enkelt, berre for å seie at det finst: ei sansing, eit ord.

Hvorfor tror du, eventuelt, at selv profesjonelle lesere vegrer seg for linjeskift og bildespråk?

Vanskeleg for meg å uttale meg på vegner av andre. Og eg veit jo ikkje om det er slik. Skal eg spekulere, så finst det ein haug med moglege forklaringar: Det har kanskje med poesiens status å gjere, eller at dei som vegrar seg, fryktar poesien. Kanskje er ein redd for å gå vill, seie noko gale, feile, men eg tenkjer at ein må gå vill, ein må feile. Og kan hende merkar kritikaren at avisredaksjonane ikkje prioriterer poesien, eller ser på poesimeldingar som ei sur pliktøving. Ein kvir seg også kanskje fordi ein ikkje har tillit til seg sjølv som poesilesar. Ein måte å skaffe seg sjølvtillit på, er jo å ha tillit til andre, altså å ha tillit til poesien.

Om du til sist vil gi et riss: Hvordan ser det lyriske Norge ut per høsten 2021? Og hva kan leserne vente seg av Krabben framover?

Tilstanden ser bra ut. Kanskje har eg enno ikkje lese den diktboka som verkeleg grip meg for fullt, men den kjem nok. Når det gjeld framtida til Krabben, så håper eg at me klarer å halde liv i prosjeket. Lesarane kan forvente at Krabben tek poesien på alvor, syner fram dei gode diktbøkene og viser breidda i norsk samtidspoesi. Lesarane kan også forventa at Krabben gjer poesikritikken variert og relevant.

BLA 10/21.

Sindre Ekrheim

(f. 1967) er forfatter og kritiker. Denne høsten har han lansert nettidsskriftet Krabben Poesikritikk, som publiserer ukentlige tekster om poesi.

Powered by Labrador CMS