Eivind Myklebust har lite behov for å slakte bøker. «Når ein er relativt ung og relativt fersk mannleg kritikar, er det lett å hamne i bås blant betrevitande unge menn med markeringsbehov og posisjoneringsiver. Kanskje har eg frykta å bli plassert der», sier han. Som nyslått årets kritiker tenker han at han framover kan slå seg mer løs. Foto: Tuva Maria Engdal.

Den milde dommeren

Eivind Myklebust er kåret til årets litteraturkritiker 2020. BLA tok en prat med den vennlige vestlendingen om kritikerarbeidet, nynorsk og sunnhetsidealer.
18.03.2020 - 12:44

Eivind Myklebust

(f. 1988) er utdanna litteraturviter ved Universitetet i Oslo. Han er fast litteraturkritiker i Klassekampens bokmagasin, og skriver kritikk for tidsskriftet Mellom og barnebokkritikk.no. Som det burde framgå av dette intervjuet, ble Myklebust utropt til årets litteraturkritiker i 2020.

Gratulerer med tittelen som årets litteraturkritiker! Ettersom du også, etter hva vi vet, er en habil fotballspiller: Hva føler du nå?

Tusen takk! Eg har nok framleis høg puls når dette intervjuet står på trykk, men først og fremst kjenner eg glede og takknemlegheit over å få ei slik anerkjenning frå gode kollegaer. Det gjer meg endå tryggare på at andre har hatt utbytte av arbeidet mitt.

Ein blir jo fort litt høg på seg sjølv etter å ha fått ein slik pris, men eg er ganske god på å drage meg sjølv ned på jorda att: Eg minner meg sjølv på kor snodig det eigentleg er med desse prisane vi driv og drysser på kvarandre i kulturklassa, og tenkjer på alle dei som legg ned stort arbeid i andre yrke utan å få denne typen utmerkingar og merksemd. Eg skulle til dømes gjerne ha gitt ein pris til mor mi, som har stått på i blomsterbutikk og barnehage i alle år, og til far min, som har halde koken på Ørsta Stål.

Dessutan spelte eg fotball eit par dagar etter prisutdelinga, og fekk fort kjenne på kor lite som kjem av seg sjølv, sjølv om ein spring rundt med ein kritikarpris i lomma. Ein må berre knokle på vidare.

 

Juryen uttaler at du er med på å gjøre norsk kritikk «til en virksom, kanskje til og med sunn syssel». Hva er det sunne med kritikken, og hva er det du gjør som er så sunt?

Eg kjenner meg nok meir att i ordet «virksom», og det handlar om fleire ting: Den litt rastlause personlegdomen min, forståinga mi av (avis)kritikarrolla og økonomisk nødvendigheit. Eg er nysgjerrig på mangt og har trong til å rekke over mykje. Difor har det alltid falle naturleg for meg å skrive om ulike typar litteratur og om mange ulike emne.

Som aviskritikar har eg også blitt meir og meir medviten at eg oftast skriv «førstelinje-kritikk». Eg skal helst ikkje lese boka fleire gongar og planleggje ei doktorgradsavhandling før eg formulerer kritikken min, men respondere på boka der og då, med dei føresetnadane eg har og dei innfalla eg får. Dei beste avistekstane kjem ikkje alltid etter veker med gnuring, men like ofte som spontane reaksjonar, der ein brukar det ein har av personlege – både fysiske og mentale – erfaringar, og av det ein har i det litteraturkritiske arsenalet sitt. Det blir ikkje alltid bra, og det er ikkje alltid ein er samd med seg sjølv når det har gått litt tid, men det kan i alle fall gjere kritikken levande, søkjande og relevant.  

Eg valde også kritikken som yrkesveg rett etter utdanninga, og sidan eg ikkje har hatt gamle pengar å kvile på, har eg måtta levere og produsere flittig for å tene dei pengane eg treng. Eg har støtt fått høyre at eg er «produktiv», men «virksom» kling nok endå litt betre i mine øyre.

Så, er det eventuelt noko sunt med denne rastlause, verksame verksemda? Eg har ikkje alltid opplevd den som særleg sunn, men eg har i det minste vore aktiv og allsidig – og det er vel sunt?

 

Blant alle lovorda juryen gir deg, er at tekstene dine er «oppsiktsvekkende lærerike», «stødig og solid begrunnede», «usedvanlig jordnært og utvungent» skrevet, hele tida med et «vennlig temperament» og med mange litterære referanser, ofte plassert i historiske sammenhenger. Hvordan vil du selv beskrive arbeidet ditt som kritiker?

Ferdig snakka! Nei, eg klarer ikkje heilt å kommentere så mange lovord på ein gong, men om tekstane mine er lærerike, så er det nok fordi eg lærer mykje sjølv av å skrive dei. Og at eg har eit vennleg temperament kan eg også kjenne att. I hovudsak trur eg det speglar både lynnet mitt og leseopplevingane mine ganske godt: Eg blir ikkje frykteleg provosert av dårlege bøker, dei berre keiar meg. Eg finn med andre ord ikkje så veldig stor glede i å grave opp lyte og lastar i litteraturen, men ting som provoserer meg på andre måtar – politisk, kulturelt, sosialt, til dømes – kan vekkje polemikaren og kveikje pennegløden i meg. Eg trur likevel juryen er inne på noko når dei antyder at eg kan vere vel beherska i kritikken min. Når ein er relativt ung og relativt fersk mannleg kritikar, er det lett å hamne i bås blant betrevitande unge menn med markeringsbehov og posisjoneringsiver. Kanskje har eg frykta litt å bli plassert der. Men no er eg verken særleg ung eller særleg fersk lenger, så det spørs om eg ikkje kan slå meg meir laus, og slå meir ifrå meg.  

 

For å trekke på regionale stereotyper: Er det slik at din vestlandskhet gir deg noe særlig som kritiker?

Ja, det trur eg. Det kan bli for mykje av det gode, og ein kan redusere seg sjølv ved å vifte med slike identitetsflagg. Men oftast er det vel andre som – meir eller mindre medvite – plasserer ein i bås og reduserer ein på bakgrunn av slike identitetsteikn, og eg er glad for at juryen også har drege fram den internasjonale orienteringa mi. I studieåra hadde eg sommarjobb i Ivar Aasen-tunet, og der selde eg haugevis med trusetrøyer (det som ein på norsk gjerne kallar ein body) med påskrifta «Ny norsk verdsborgar» – eller «Nynorsk verdsborgar», om ein les det slik.  

Eg har tatt med meg mykje frå Vestlandet inn i kritikken: Nynorsken og den levande nynorske skriftkulturen er det viktigaste, men eg prøver også å la blikket gå til og frå utkanten, sjølv om eg til dagleg lever og jobbar sentralt i Oslo. Og om eg får vere litt svevande konkret: Vestlandskapet sit også ganske djupt i meg, og eg trur det pregar måten eg sansar og tenkjer på, og difor også måten eg les og skriv på.

Om du sender meg i bokhylla for å finne bøker som har betydd mykje for meg, så kjem eg raskt attende med slikt som Dalen Portland (1977) og Brennbart (2004) av Kjartan Fløgstad, Lesande bønder (1995) og Skrivande bønder (2003) av Jostein Fet, Olav H. Hauges Dikt i samling og nokre diktsamlingar av Erlend O. Nødtvedt – eller kanskje romanen Vestlandet (2017), rett og slett då?

Det var fjorårets prisvinner, Cathrine Krøger, som holdt tale da du mottok prisen på Litteraturhuset 5. mars. Hun mente at det i offentligheta mer og mer spørres om hvorfor vi trenger kritikk. Dette kommer i stedet for det spørsmålet som for kritikerne selv er interessant: Hvordan bedrive kritikk. Er du enig i dette?

Å, ja! Sjølvsagt må vi diskutere kvifor kritikken er viktig, men når ein produserer kritikk så å seie på løpande band, frå veke til veke og år til år, slik eg har gjort dei siste åra, så er det gjerne andre problemstillingar som tek opp tida og tankane. Korleis skrive kritikk, til dømes, det er framleis eit lite mysterium for meg – frå veke til veke og år til år.

 

Og hvordan bør man egentlig skrive kritikk?

På mange ulike måtar. Eg trur eigentleg at ein må lytte seg fram til sitt eige lynne for å forstå kva ein vil og kva ein kan gjere med kritikken sin. Litteraturkritikarar skriv kanskje litt for likt til tider. Eg merkar i alle fall jamleg at eg fell inn i ein lingo, ein kritikartralt som, særleg når eg får dårleg tid eller ikkje har all verda å by på, kan gjere tekstane generiske og lettgløymde. For all del, ein treng jo denne tralten, for om ein skal vere så himla original heile tida, får ein ikkje gjort noko som helst. Men eg synest ofte det er forfriskande å lese kritikarar som kjem inn frå litt andre kantar enn yrkeskritikaren, som Morten Langeland og Mímir Kristjánsson, to kollegaer i Bokmagasinet, eller Ida Lødemel Tvedt i Dag og Tid.

Men så er det ikkje nødvendigvis dei som skil seg ut eg vil gå til om eg skal svare på korleis kritikken bør vere. Aller helst vil eg vel ikkje svare på korleis kritikken bør vere i det heile tatt, for kritikken bør vere mange ting, berre ikkje keisam, servil, steril.

 

Nå som du sitter på toppen, har du noen kritikere du selv vil trekke fram?

Ha! Eg går ikkje med på at eg sit på nokon topp – i så fall vil eg vere på botn neste år, som fjorårets kritikar. Men å drage fram nokre kritiske tumleplassar gjer eg gjerne: Eg er veldig svak for Litteraturhuset i Bergens kritiske kvartett, der vurderingane alltid er klåre og opplysande, tonen er underhaldande og temperamentsskifta brå. Eg synest også det skjer mykje interessant i Vårt Land om dagen, med både flinke folk og spreke inngangar til kulturstoffet. Ein ting eg ikkje klarer å forstå, er at Dagbladet for nokre år sidan la ned Vers-spalta si, der Marius Emanuelsen, Runar Gudnasson og Martin Bjørnersen skreiv glimrande samfunns- og kulturkritikk ved å nærlese rap og RnB-tekstar.

Til slutt kjem eg nok ikkje unna at det er svært mange dyktige folk i Klassekampen, og at det er dei eg les og lærer aller mest av.


BLA 3/2020. 18.03.2020.