Jordange frå ei bokside

Jorda er vårt opphav og vår endestasjon. Men korleis har molda prega skjønnlitteraturen? Og kva kan me gjera for å berge det livsviktige jordsmonnet når me nærmar oss slutten på ei tid som byrja med mekaniseringa av jordbruket? John Steinbeck har mogleg eit svar å gje.
23.09.2021 - 10:47

Tre gonger kasta presten jord på kista, og då han mellom påkastinga sa dei kjente liturgiske orda, var det nesten som å stå i ein Hollywood-klisjé av ei gravferd i staden for den til mi mormor: «Av jord er me komne. Til jord skal du bli. Av jord skal du atter stå opp». Den mørke jærske jorda la seg oppå kista og minna meg meir om ein barneleik med gjørme enn noko høgtideleg, og fyrst då kista vart senka, byrja eg å tenka på jorda som eit mogleg omdreiingspunkt i livet.

No, mange år seinare, opnar eg Bibelen og ser at den fyrste gjentakinga i boka faktisk er ordet jord, at det skjer allereie på fyrste sida, i overgangen frå fyrste til andre setning – «I opphavet skapte Gud himmelen og jorda. Jorda var aud og tom …». Eg tenker at denne gjentakinga må bety noko, at jorda er, eller har vore, eit grunnleggande bilete for oss menneske ein gong. Då Eva og Adam hadde ete eplet, blei Gud så rasande at han like så greitt forbanna heile jorda. Mennesket blei vist bort frå Edens hage og skulle frå no av livnæra seg direkte av det som voks av jorda. Og dei skulle gjera det med strev, for «med sveitte i andletet skal du eta ditt brød, heilt til du vender attende til jorda, for av henne er du teken».



Artikkelen er 4922 ord lang.

Du må være abonnent for å kunne lese denne artikkelen

  • Ordinært abonnement
  • Privatabonnement
  • Korttidsabonnement