I tv-serien The Critic møter vi Jay Sherman, selve sinnbildet av en arrogant smaksdommer, kjend for sin catchphrase "It stinks!". Bilde: Wikimedia Commons.

Cerebral paralyse

Ein kritikar kan bli utmatta. Men kan ein kurere kritisk utmatting ved å lese bøker om kritikarar og deira kollapsar?
22.04.2021 - 10:58

Som litteraturkritikar har eg jamleg periodar der eg ikkje heilt forstår kva eg driv på med. Slik har det vore sidan eg gjekk ut av universitetet og inn i kritikken for ein del år sidan: Kvart år ein lengre periode med desillusjonerte dagar og veker, av og til månadar, der eg ikkje finn det ein ofte kallar inspirasjonen. Då treng eg det nokre av oss kallar eit løft, og dette løftet trur eg alltid at eg skal finne i noko andre kritikarar har skrive eller sagt om kritikarvirket: Eg les bøker og tekstar om kritikk, på leit etter nye ideal å strekkje meg etter – eller berre ei formulering som er fyndig nok til å livne opp i dei gamle ideala.

År for år har denne kuren hatt mindre effekt. Når arbeidslysta går på lågbluss, rekk ikkje dei store, sveipande orda om kritikken fram, truleg fordi dei ramlar ned i gapet mellom ideala og realitetane. Etter nokre år slutta eg å leite etter inspirasjon, og byrja å lefle med noko som liknar meir på destruksjon: Eg oppsøkte vondskapsfulle harangar om einskilde kritikarar eller kritikken generelt – noko som kunne ta kritikken ned på jorda og gjerne drage den rundt i søla. Men også dette er ein sjanger ein fort går lei av. Dei siste åra har eg difor dumbed down og sett etter sitcoms eller andre  lågpanna kulturuttrykk når eg treng pause frå kritikkens oppøste tale- og tenkemåtar. I fjor prøvde eg meg med Black Books, eller Ei selsom sjappe som serien heiter på norsk, om Bloomsbury-bokhandlaren og fylliken Bernard Black. Den serien var eg svært begeistra for som ung, men i år hadde hadde den svært begrensa effekt. Det måtte sterkare lut til, og det fann eg i animasjonsserien The Critic, som handlar om den feite, arrogante og intenst mislikte filmkritikaren Jay Sherman.


Artikkelen er 4260 ord lang.

Du må være abonnent for å kunne lese denne artikkelen

  • Ordinært abonnement
  • Privatabonnement
  • Korttidsabonnement
Emneord: