Intervju
Pling fra kassa og annen poesi
Helene Hovden Hareide debuterer med dikt fra butikkhyllene. Enhver matvare er pakka inn i politikk, historie, makt og geografi, mener hun.
Fordi den er lysende gul, men særlig fordi den tematiserer noe så poetisk uvanlig som dagligvarehandlene, er det lett å plukke ned akkurat boka di fra hylla. Hvordan begynte du å skrive matvarebutikklyrikk?
Det var eit innfall eg fekk ein ettermiddag for tre år sidan, då eg gjekk og plukka fiskepinnar og tomatklaser etter ein dag med undervisning på Skrivekunstakademiet. Eg har hatt kvardagar fylde med familieliv sidan eg vart mor som 21-åring. Når eg fyrst er åleine, som eg gjerne er på butikken, melder alle tankane og kjenslene seg. Kanskje var det uunngåelig at eg skulle skrive noko frå den staden.
Slik fekk eg idéen til dei fyrste dikta, men grunnen til at eg heldt fram med prosjektet var at eg syntest matbutikken var ein god stad å skrive frå. Den har så mykje språk og visualitet, og er ein viktig del både av enkeltmenneske sine liv og av større, globale strukturar.
Umiddelbart er det lett å tenke at butikkdikt skiller seg markant fra sentrallyriske emner som kjærlighet, lengsel, sorg og død – eller meninga med livet om en vil. Er det mulig å tenke dypt mellom hyllene på Rema? Eller er poenget heller det motsatte: Å la dikta være oder til det hverdagslige?
Eg må innrømme at eg er svak for oder til loffen. Spennet mellom det høge og det lave som slike inneber, er eit eg likar godt å jobbe i.
Men oder til kvardagen? Matbutikken er jo ikkje kvardagsleg i det heile! Det er heller ein nær surrealistisk stad, med alle smakane, lydane og ansikta som stirrar på deg frå emballasjen. Uncle Ben, Mama Dolmio, Synnøve Finden … heile den gjengen der! Og alle strategiane, makta, menneska som skjuler seg bak dei fjesa. Det er ikkje tilfeldig kva for fargar som er nytta, kor breidt Uncle Ben smiler eller kor nasjonalromantisk bunaden til Synnøve er.
Varene på matbutikken er fulle av forteljingar om kulturen vår, og dei er med på å forme korleis vi forstår verda. Butikken fortalde meg i så mange år at Den Tradisjonelle Smaken av Påske er lik «lammelår» at eg endte opp med å internalisere det. No steiker eg lammelår kvar vår, sjølv om det aldri har blitt gjort i mi familie, og såleis ikkje var ein tradisjon for meg.
Eg innser dette enda meir dersom eg handlar på matbutikk i utlandet, og forstår at eg tenkjer på pasta som raud mat, eller på mjølk som noko som kjem frå kartong. Viss matbutikken er kvardagsleg, så er den det ved å vere filteret vi ser store delar av dagane og matkulturen vår gjennom.
Som sjanger slekter poesien på musikken. Du har kalt boka di Butikksongar, og gjennomgående for mange av dikta er lydene som finnes i butikken – pip fra kassa og samtaler mellom naboer. Samtidig viser samlinga tydelig fram butikken som grunntone i liva våre?
Noko av det eg sjølv likar aller best med dikt er musikken som ofte finst i orda, og som gjer at dei festar seg i deg. At dei set seg i kroppen også, på eit vis. Eg arbeider mykje med det lydlege når eg skriv, og det er ein grunn til at eg har valt å kalle desse tekstane for dikt, sjølv om eg eigentleg tenkjer at dei heller ganske mykje mot prosaen. Og enkelte parti kanskje til og med mot sakprosaen. Det er den fyrste boka mi, og eg har tillate meg sjølv å teste ut ulike uttrykk og moglegheiter, sjølv om det gjer heilskapen mindre rein enn den kunne ha vore.
Når det gjeld butikken som grunntone, så finn eg det interessant at det å vandre rundt i landskapet som butikken er, med sitt matmylder og temmeleg grelle lys, er ein så stor del av livet mitt. Kor sjølvsagt eg synest det er å vere på ein type stad som ikkje fanst i verda for sytti år sidan, og som sannsynlegvis vil forsvinne igjen om ikkje altfor lenge. Eg ser meg rundt medan eg har sjansen, for om tretti år må eg forklare barnebarna kva ei kassadame var for noko, slik eg no må forklare sønene mine konsept som «hustelefon» og «CD-spelar».
Det er tydelig at du skildrer en butikk, eller muligens flere butikker, som ligger på bygda. En vestlandskystbygd hvor fiske og landbruk er, eller i alle fall har vært, sentralt. Samtidig trekker du linjer til globaliserte handelssystemer og skeivfordelte penger i verden. Butikken blir et knutepunkt for mye politikk?
Ja, for det er den jo. Politikk, historie, makt, geografi, alt det der kjem jo vellande ut så fort ein pirkar i skalet på kva frukt som helst. Ein ting eg har blitt meir klar over medan eg har arbeidd med samlinga, er kor mykje av maten vi et som vert plukka for hand, og kor farleg arbeidskvardagen til mange av dei som gjer det er. Han som plukka den avokadoen eg handla til tacoen i dag, lever han framleis?
Vi kjem så tett på både menneske og landskap som er fjerne for oss gjennom matbutikken, men det er vanskeleg å merke det. Det er som om haugane med mango har ligge der sidan tidenes morgon, synest eg. Eg må jobbe for å greie å sjå føre meg rørsla som har ført dei dit.
Då folk hadde hamstra i butikken under dei fyrste dagane av korona, og ein blei møtt av tomme hyller, trur eg mange blei nøydde til å tenkje over dette. Hendene som plukkar og pakkar, som lossar på kaiene, som dreiar rattet på lastebilane. Dei politiske avtalane som sikrar at maten kan krysse grenser, og at arbeidarar kan krysse grenser. Dei geopolitiske tilhøva som ligg til grunn for handelsavtalar. Og så vidare!
Bokas tre deler følger hver sin person. Vi møter en ung mannlig butikkansatt som har blitt igjen på bygda og mottar postkort fra en forelskelse som har dratt, vi møter ei ung kvinne som har studert handelssystemer og vært ute i verden, men som nå er småbarnsmor, og vi møter ei eldre kvinne fra en gård i bygda som tydelig virker ensom. Alle møter butikken på hver sin måte?
Absolutt. Det gjeld både for matbutikken, og andre ting den kan seiast å stå for. Men eg trur eg skal spare potensielle lesarar for mine eigne tolkingar av dette.
For å ta en avstikker: Da jeg lærte å kjøre bil for ti år siden, sa kjørelæreren min til meg at det i trafikken er viktig å tenke kollektivt, være en medborger, fordi en hele tida må identifisere og ta hensyn til de svakeste. Som møteplass for alle lag av samfunnet kan kanskje også matbutikken gjøre det kollektive tydelig for oss?
Ja, det er nettopp det! Matbutikken er veldig interessant som sosialt rom. No som mange av oss har slutta å sjå på lineær-TV og lese same aviser, er matbutikken ein av dei få stadane som framleis er felles for alle i samfunnet, uavhengig av sosial klasse og kvar i landet du bur.
Eg blir glad kvar gong eg treffer på ein eller annan samfunnstopp eller kulturprofil på matbutikken, fordi det forsikrar meg om at vi enno ikkje har eit altfor klassedelt samfunn i Noreg. Det er kanskje ei falsk forvissing, men i alle fall likar eg å sjå det.
Men samtidig som dei fleste framleis synest det er innanfor å handle daglegvarene sine sjølv, gjeld ikkje det same for det å arbeide i butikken. Eg har vener som har opplevd det som ei påkjenning å «bli verande i kassa», som om det skulle vere noko mindreverdig i det! Og som om det å ha det eine eller andre yrket definerer kven du er som menneske.
På staden der eg budde inntil nyleg brukte eg ofte å slå av ein prat med han som sat i kassa. Han hadde jobba i den butikken i tjue år. Det var ein fyr som var oppteken av klimaendringar, sykla kvar dag til jobben (opp ein sjukt lang oppoverbakke, i bergensvêr) og brukte feriane sine på å fotografere lundefugl. Folk rommar så utruleg mykje. Matbutikken kan vere ein arena der ein får sjansen til å oppdage det.
Tematisk skiller du deg godt ut blant høstens debutanter, og bøker for øvrig. I det hele tatt kan jeg ikke huske å ha lest særlig mange bøker som velger seg butikken. Har du funnet et litterært hull her, eller har du hatt noen forbilder?
Allen Ginsberg skreiv eit fantastisk dikt på 1950-talet, som heiter «A supermarket in California». Det er ein slags surrealistisk visjon, der eg-et følgjer etter Walt Whitman og Federico Garcia Lorca på handel i matvarehyllene. Då Ginsberg skreiv diktet var supermarknaden framleis eit nytt fenomen i USA, og han er jo svært kritisk til det som må kunne kallast den globaliserte kapitalismens mest glinsande ansikt.
Samtidig får han fram kva for ein utruleg vill, poetisk og melankolsk stad den moderne matbutikken er. Sjølv om den gjer sitt beste for å gøyme det bak pallane med hermetikk på tilbod. Ein må kanskje berre stå der lenge nok, og stire fjernt framføre seg etter ein lang dag med tankearbeid og familieliv, for å oppdage det.