Mette Karlsvik

Artikler av skribenten

Intervju

Auðurreisa

Island blir støtt kåra til det mest likestilte landet i verda. Forfattarskapen til Auður Ava Ólafsdóttir, som i fjor mottok Nordisk råds litteraturpris, viser at det ikkje alltid har vore slik.

Svisdalsamtala

Lars Svisdal la i frå seg manuset, og trudde at han hadde slutta å skrive. Då løsna det for manuset som han skulle vinne Tarjei Vesaas debutantpris for.

Adamsamtala

Folk flest liker at forteljingar får ein slutt. Det er tilfredsstillande, seier Adam Rutherford, som forklaring på kvifor folk forskar på arvestoffet sitt, og ofte godtek enkle historier om kor dei kjem frå.

Skomsvoldssamtala

– Skulle du berre sove i 20 minuttar no, seier Kjersti Annesdatter Skomsvold til det nyfødde barnet, avsluttar skriveøkta, og tar babyen. Ho trillar i parken til barnet sovnar, spring til nærmaste benk, og skriv vidare. Slikt kjem det ein ny sjanger frå.

Sævareidsamtala

I 2015 vann ho Riksmålsforbundets språkpris for ein heller mørk ungdomsroman. I den nye boksingelen for vaksne skriv ho morsomt og smart, og toner sarkasmen ned med vite. Noko har skjedd med forfattarskapen til Heidi Sævareid. Eg ringer til Bristol i England for å finne ut kva det er.