Arne Garborg

Frå ein daud forfattars etterlatne sambygdingar

Arne Garborg var ein diktar og tenkar frå førre hundreårsskifte som var med på å utvikla og innføra mange av dei viktigaste europeiske straumdraga i åndslivet frå den tida til Noreg. No er han nærmast gløymt. Bortsett frå på Jæren, men her hugsar folk han på ein annan måte enn slik litteraturhistoria skriv om han. Dei hugsar han som ein av dei.