Foto: Agnete Brun

Skomsvoldssamtala

– Skulle du berre sove i 20 minuttar no, seier Kjersti Annesdatter Skomsvold til det nyfødde barnet, avsluttar skriveøkta, og tar babyen. Ho trillar i parken til barnet sovnar, spring til nærmaste benk, og skriv vidare. Slikt kjem det ein ny sjanger frå.

Kjersti Annesdatter Skomsvold og den vesle dottera kjem til Litteraturhuset for intervju om den nye boka Barnet, ein roman der ramma er ein dag med eit barn, men forteljinga likevel hoppar som etter eit barns leikande logikk: Kjersti har hoppa att og fram i tid og trådar, litt slik som barn kan fortelje; ut frå kva ein opplever som sant. Påstanden i romanen er at den er adressert til forteljarens andre barn. Den første fødselen var ei dårleg røynsle. Det å skrive om den andre fødselen reparerer den første. Det reparerer også det som forteljaren kallar «skrivinga». Ho får samla spreidde tekstar til ein roman som er fragmentert og ukronologisk, slik som tida med småbarn kanskje kjennest. Romanen skildrar barn; dottera, sonen, og jentene og gutane som synest i andleta, kroppane og kjenslene til dei vaksne i boka. Forteljaren blir smigra når babyen viser at ho er forelska i mora si. Forteljaren må ikkje skape noko fantastisk. Barnet vil berre at ho er der.

– Kva er tilhøvet mellom skriving og forelsking?

Artikkelen er 2870 ord lang.

Du må være abonnent for å kunne lese denne artikkelen

  • Ordinært abonnement
  • Privatabonnement
  • Korttidsabonnement
Emneord: