Intervju

Den andre jobben til Ingunn Thon

Berre dei færraste kan leve av å vere forfattar. Så kva gjer dei då, dei som skriv?

Publisert digitalt

På Wikipedia står det at du, i tillegg til å vere barnebokforfattar, er dokkespelar og programleiar. Dette må du fortelje oss meir om!

Hehe. Ja. Før var dokkespel fulltidsjobben min i NRK. Eg var ei høne som heiter Turid og eit lam som heiter Perla, men no er eg ofte på andre prosjekt og gjer det berre nokon få ettermiddagar i månaden. Programleiarjobbinga er det nokre år sidan eg har drive med. I NRK er det slik at manus- og innhaldsjobbane ofte kjem saman med andre stillingar, til dømes manus og regi, manus og prosjektleiar, eller manus og programleiar. Og sidan eg verken var regissør eller prosjektleiar, måtte eg lure folk til å tru at eg var programleiar. Det gjekk heldigvis fint, og var veldig spennande dei åra eg var det, men eg gjorde det hovudsakleg for å få jobbe med innhald. Eg trivs betre bak kameraet enn framom. Det er litt viktig for meg å få vera min eigen person, ikkje ei som «tilhøyrer» eit publikum. Sånn sett er det perfekt å vera dokkespelar. Få ralle ut alt tull eg har i meg, men slepp å syns.

Du har vel vore i NRK i fleire år no? Korleis starta den karrieren?

Hjelp, ja. Det var ikkje akkurat ein vel gjennomtenkt plan. Eg hadde, etter nokre klønete forsøk på høgskule og universitet, bestemt meg for å gi opp utdanning. Prøvde å flytte heim, men skjønte fort at eg ikkje kunne bli der. Så eg sat ein kveld og leita etter jobbar og ramla plutseleg over Nynorsk mediesenter, ei journalistisk praktikantordning. Eg trudde jo ikkje eg skulle få plass der, men eg var så desperat. Tenkte at det er læring i det å søka også. Men eg kom av ein eller annan sjuk grunn inn. I praksisperioden ønskte eg meg til NRK Super og resten er historie.

Kva med dei andre jobbane du har på CV-en? Har du gått med aviser eller vore telefonseljar i tenåra? Kva var din første jobb?

Min fyrste jobb var stuepike og servitør på eit lite fjellhotell. Då var eg sikkert 13-14 år. 
Då eg var 16 byrja eg i ein leikebutikk/klesbutikk. Men eg fekk sparken ganske fort fordi eg gjekk i sokkeleisten på jobb. Rar ting å gjere, men dei hadde teppegolv i butikken, så det kjendes som det einaste naturlege. Eg jobba deretter i bokhandel/leikebutikk/tippekasse (på Ål var det mange kombo-butikkar). Der gjekk eg alltid med sko. Og fekk ikkje sparken.
 Etter eg flytta heimanfrå, vaska eg golv på den lokale sjukeheimen i sumarferiane. Høyrde på radio og hadde alltid god tid til å skravle med dei gamle som budde der. Det var ein fin jobb. Eg har også jobba som assistent i barnehage og på skule. Det kan eg til tider sakne veldig. 


Tok du permisjon for å skrive barneboka du debuterte med våren 2017? Eller skreiv du den samstundes som du hadde fullt opp med studiar og NRK-jobb?

Eg tok ikkje permisjon. Og for å vera heilt ærleg skjønar eg ikkje sjølv korleis det gjekk. Det tok tid, det skal seiast. Eg brukte vel to år. Skreiv litt og litt og litt og litt. Den største jobben vart gjort på fire veker. Då fekk eg plutseleg eit vindauge utan jobb og utan skule. Eg var overtydd om at «dette er min einaste sjanse». Eg skreiv dei resterande 70 prosentane av boka den månaden. Men eg vil ikkje anbefale det, for eg vart rett og slett litt koko. Når du er din eigen sjef og din eigen arbeidstakar er det ingen som seier «No burde du ta ei pause». Det er vanskeleg å rettferdiggjere det å gjere vanlege ting. Møte folk, eta mat, gå ut. Boka er viktigast. Alt blir andreprioritet, og det er ikkje spesielt lurt. Sjølv om det kjennes som det einaste riktige der og då. Ein kan godt køyre heftige periodar, men ein må ikkje gløyme Maslows behovspyramide. Hehe.

Det høyrtes travelt ut. Kvifor var det så viktig for deg å skrive Ollis?
70 prosent fordi det satt eit forlag og venta på eit ferdig manus. Dei resterande 30 prosent fordi eg hadde fått sjansen til å gi ut ei bok, og eg vil gjerne gripe dei mogelegheitene som kjem min veg. Då blir det også viktig å gjennomføre, vise meg sjølv at eg kan klare det sjølv om det til tider verkar umogeleg. Og så hadde eg jo hatt god tid til å bli glad i karakterane. Eg skulda vesle Ollis å fortelja historia hennar. Og også dei borna, eller vaksne, som måtte finne trøyst i hennar reise.
 

Det finst fleire forfattarar med rolege resepsjonistjobbar og andre typar arbeid som gjer at dei faktisk kan skrive litt på skjønnlitterære prosjekter samstundes som dei er på jobb. Men dette har vel ikkje du hatt tid til?

Nei, å skrive eigne ting på jobb kan eg berre gløyme. Det er timane utanom eg må legge mi lit til. Men det siste året har den tida gått med til oppdrag og reising med Ollis, så det har vore vanskeleg å finne tid til skrive noko nytt. No byrjar ting å roe seg, og eg har endeleg børsta støv av tastaturet. Så då får me sjå korleis det går å bruke helgane og ettermiddagane framover.

Om ein framand person spør deg kva ditt arbeid er, kva svarer du då?

Eg kan finne på å fortelje at eg har skrivi ei bok, men eg kallar meg ikkje forfattar. Eg er ikkje så glad i titlar. Eg syns dei er avgrensande. Eg er ikkje nødvendigvis det eg gjer. 
Titlar stressar meg også. Dei gjer at eg føler eg må oppfylle ei forventing folk har av kva dei inneber. Det er kjennes betre å berre seie at eg skriv.


Kva tenkjer du må vere drøymejobben ved sida av å skrive?

Noko kroppsleg, som ein vaskejobb. Eller noko tett på menneske, assistent i barnehage eller på sjukeheim. Noko som ikkje handlar om meg og tankane mine, men som kan få dei til å rulle likevel. Og så må det vera deltid, så klart, så eg kan ha reine dagar til å skrive. Å, det fekk eg skikkeleg lyst til.

Oi, øydela eg for NRK-framtida di nå?
Nei, nei. Eg er altfor feig til å seie opp. Men den dagen eg blir sparka! Håhå, då skal eg gripe kunstnarliv og vaskejobb med begge hender.

Powered by Labrador CMS