Dikt

Vekk frå meininga og tilbake igjen

Diktantologien Den engelske kanal 2017 er eit møte med poesi som ikkje gjer knefall for meininga.

Publisert digitalt

Jørn H. Sværen (red.)
Den engelsk kanal 2017
Diktantologi
Kolon 2017
217 sider

«Poetisk arbeid er like mykje å bygge ned meining som å bygge opp meining.» Det var Gunnar Wærness som sa dette, i eit foredrag om Øyvind Berg under Nordisk Poesifestival på Hamar i mars i år. Utsegna sette noko på plass for meg, for som diktlesar føler ein seg ofte inkompetent når ein ikkje klarer å seie kva diktaren meiner med formuleringane. Også når ein synes ein forstår det, kan tolkinga seie vel så mykje om den som les som om diktet. Men av og til er nettopp det uforståelege kjernen i det poetiske prosjektet. Det kan vere ei rørsle mot mystikken, eller det kan vere eit opprør mot den ferdigtygde meininga som blir trykt i oss gjennom tradisjon, ideologi, media, skikk og bruk. Den tanken at poesi også er å bygge meining ned, viste seg nyttig i møte med Jørn H. Sværens femte årgang av diktantologien Den engelske kanal.

Ny poesi og nypoesi
Skal ein skrive om dikt, kjem ein likevel ikkje unna ein viss meiningsproduksjon. Det første spørsmålet som melder seg i møte med Den engelske kanal 2017, er korleis ein skal forstå tittelen. «Kanal» er greitt, det kan ein kople til antologien som formidlar, som i «informasjonskanal». Men kvifor «den engelske», som leiar tankane mot havområdet mellom England og Frankrike? Éin ting er at Sværen i 2011 gav ut diktsamlinga Dronning av England på Kolon forlag. Men eit kjapt internettsøk viser at Sværen sidan 2007 også har gitt ut bøker på sitt eige forlag som ber namnet England forlag, og at Kolon-debuten var sett saman av eit utval av tidlegare publiserte tekstar. Ordet «engelske» formidlar dermed at antologien står i forlenginga av Sværens tidlegare verksemd og, får ein tru, representerer den poesien han brenn for.

Det finst også dikt omsett frå engelsk i alle årgangane som er gitt ut av antologien så langt, men fransk og nordisk poesi er om lag like godt representert. Blant poetane er det elles fleire gjengangarar, som norske Gunnar Berge og Kristin Berget (men Berget er ikkje i årets utgåve). Franske Victoria Xardel og Claude Royet-Journoud er dei mest brukte i omsetjing.

Sistnemnde er ein av poetane Thomas Lundbok nemner i artikkelen «Ny fransk poesi – en introduksjon» (Vinduet 01/2010, også publisert på audiaturbok.no), som gir ei nyttig forståingsramme for antologien. Her vert Royet-Journoud halden fram som representant for «negativ modernisme», ei av fleire retningar innanfor det som blir kalla fransk nypoesi eller postpoesi.

Nypoesien er ei mangslungen poetisk retning som skiljer seg frå den tradisjonelt høgstemde sentrallyrikken, mellom anna gjennom sjangeroverskridande uttrykk og konseptuelle innslag. Ikkje ulikt den litterære retninga som blir kalla «fransk nyroman», som i etterkrigstida hevda at romansjangeren må endre seg med tidene, handlar nypoesi om at nye tider treng nye, poetiske uttrykk. 

Royet-Journouds dikt er, ifølgje Lundbo, sett saman av lausrivne sitat poeten har funne i prosatekstar skrive av andre. I den negative modernismen tar diktaren nemleg avstand frå ideen om at dikt treng å vere produkt av individuell kreativitet, og brukar heller ikkje poetiske omskrivingar og lydlege verkemiddel. Diktet skal ikkje ha ein biletleg eller underliggjande bodskap, orda ber berre si bokstavelege meining.

Dette vart eg sant å seie ganske letta av å lese, for eg fann det nær umogeleg å tolke Royet-Journouds dikt, som ironisk nok har tittelen «Materiell vugging, forklaring» (gitt at forklaringa ikkje var spesielt oppklarande). Det nærmaste eg kom ei tolking, var at somme av setningane set ord på ei lesaroppleving kor «Vi deler det umulige».

Poetisk-politisk praksis
Den andre gjengangaren i omsetjing, Victoria Xardel, er representert med tre dikt under tittelen «Ruteknuserne». Og igjen er det ei real utfordring å tolke; setningane er så springande at det er lett å misse konsentrasjonen i lesinga av dei ni-ti linjene dikta består av. Men ved gjenlesing ser eg at ordvalet og formuleringane formidlar eit sanseleg og lidenskapeleg opprør. Første dikt startar slik: «Hvorfor ikke med én gang. Ta stolen din / og sett den nærmere vannet. Denne festen overskrider arkitekturen.» Temperamentet og haldninga i motivet «fest» og termen «overskrider» blir endå tydelegare i setningar som «Jeg vil dø på hesteryggen». Men samtidig er det ein intellektuell, ironisk distanse i fraser som «(Den uforklarlige tilbøyeligheten til å ende i en heldig komplikasjon.)» og «Hvilken formuleringsevne».

Stemma er både sjølvmedviten og tvitydig, men det er tydeleg at Xardel vil noko med poesien når ho i neste dikt skriv: «Hunden biter ikke for elegansen i en bevegelse». Men det er også som om ho tvilar på at diktet kan nå sin eigen ambisjon: «Et slikt grenseløst prosjekt drev oss til det lakoniske.» Parentesen «(Til angrep på strukturene.)» koplar eg til det Lundbo skriv om at nypoesien motset seg bruken av fastlagde, formelle former. Men det er ikkje gitt at dette er metapoesi, andre lesingar er nok også mogelege.

I møte med slike dikt er det greitt å ha i bakhovudet at dei representerer ein kunstpraksis som siktar mot noko meir enn ei personleg lesaroppleving. Lundbo skriv at fleire av poetane som nyttar seg av konseptuelle strategiar gjer dette som del av eit breiare politisk prosjekt. Den poetiske praksisen er dermed eit «statement» som går utover meininga i det einskilde diktet. Kanskje som eit opprør mot ideologien ein ser bak tradisjonelle praksisar, enten det er geniestetikk, individualisme eller ein kapitalistisk varelogikk. Det omgrepsapparatet ein treng for å gjere gode lesingar av ein slik poetisk praksis nærmar seg dermed, paradoksalt nok, det litteraturteoretiske og filosofiske.  

Sett i ein slik samanheng er det talande at den einaste poeten som har vore representert i alle fem årgangane av Den engelske kanal så langt er filosofen Gunnar Berge. Men diktet hans, «Det som følger», er faktisk ein av tekstane ein kan danne seg ei ganske grei forståing av: Diktet består av 27 setningar som alle startar med ordet «Hvor» og ser ut til å peike mot eit slags idealsamfunn for språkbruk og poetisk praksis, eller kanskje ein poetikk: «Hvor det vil bli fremholdt at poesien fremdeles for det meste er uutforsket område». Her ser ein også tydelege nypoetiske trekk, i og med at mange av setningane handlar om poesi som ei kunstform som både går utanom tradisjonelle kategoriar og spelar ei sentral rolle i samfunnet.

Kunst som dialog
Dei fleste bidraga i antologien ser ut til ha ein slektskap til dei poetiske retningane Lundbo skriv om, også dikta som ikkje er skrivne på fransk. Og spennet i poetiske uttrykk er stort.

Boka opnar med dikt av Arne Kleiva som nærmar seg skodespelet, her møter daglegtale absurdisme på ein måte som nærmar seg det karnevalistiske. «Argument» er forma som ein dialog mellom Medea som gamal dame, amma hennar og eit kor av borna hennar. Her ligg heile historia om Medea (som drap sine eigne born for å ta hemn over ektemannen) under dei ofte absurde spranga i teksten, som når koret seier: «mor roter / hun fikk ikke barn / hun kan følgelig ikke ha drept dem /   / det skjønner jo alle».  Gjennom diktet glir det eksistensielle over i det politiske og det tragiske over i det komiske. Slik fangar diktet noko av tidsånda og livskjensla i ein tid kor politiske tragediar og politisk sirkus glir over i kvarande og trugar med å gjere politisk frustrasjon til eksistensiell angst kvar gong ein ser, høyrer eller leser nyhenda. 

Antologien tonar derimot ut i eit heilt anna modus. Danske Merete Enggaard Jakobsens «Ma» består av 39 sider med fragmentarisk, meditativ og melankolsk tekst ein kunne kalle sentrallyrikk, sidan ho skildrar stemningar og kroppslege tilstander hos eit diktar-eg prega av sorg.

Mellom desse ytterpunkta finn vi eit postpoetisk brot av grensene mellom poesi, konseptuell kunst og biletkunst i danske Andreas Vermehren Holms «En forfatters dagbok»: Boksider som er malte slik at nesten all tekst er dekt av farge eller overstreka. Det er eit visuelt pirrande innslag i antologien, samtidig som ein kan tolke verket både som ein kommentar til intertekstualitet i litteraturen og dikteriske arbeidsprosessar. Noko av teksten –  det vil seie dei orda som ikkje har blitt malt over – kan ein lese som tanken bak det kunstnarlege uttrykket: «vor tids hovedopgave. (…) at forbinde og samensmelte modsætninger».

Liknande tankar finst også i dei dikta som er enklast å lese, og som eg hadde stor glede av: Paal Bjelke Andersens omsetjingar frå amerikanske Anne Boyers diktsamling Plagg mot kvinner. Dette er tre lange prosadikt som minner om samtidige amerikanske poetar som Juliana Spahr og Ariana Reines: Stilen er prosaisk, humoristisk og personleg, men også analytisk og politisk. «Noen av oss skriver fordi det finnes problemer som må løses.» startar det dagbokliknande diktet «Det uskyldige spørsmålet». Og sjølv om Boyer like gjerne skildrar personlege problem som samfunnsproblem, er ho innom politiske emne som dyrevelferd, psykiske plager, kjønnsroller, lukke og tabu, men utan å bli overtydeleg eller eindimensjonal. I ein kontekst av meir konseptuelt orienterte dikt, blir det tydeleg kor mykje ei tydeleg, subjektiv stemme betyr for at ein som lesar lar seg dra inn og engasjere av teksten.

Vokalklang og lyrisk stemning
Eit anna interessant møte var diktet «Åtte» av Vemund Solheim Ådland. Elles i antologien er det poetiske sjeldan å finne i det musikalske, men Ådland representerer unntaket. Her er vokalklang og rytme heilt sentralt, og repetisjon av motiv bind dei åtte korte tekstane saman. Ådland er kanskje den einaste norske poeten som er nær berykta for å skrive uforståelege dikt, men etter å ha lese ei rekkje meir prosanære tekstar er det ei lise å lene seg inn i lydmalande dikt som drar kilande liner på tvers av vanlege meiningskategoriar: «Varmende øyeråte. Øresol. Grånet, varm solsåpe.» Likevel er det spor av ei hending i diktet, og den som vil, kan sikkert finne band mellom repetisjonane av ord som «øye», «sol», «såpe» og «sår» og det superraske narrativet.

Det mest kjende namnet i antologien er Rune Christiansen, som under tittelen Plustron C101 Cassette Recorder er representert med 30 korte notat gjort «mens jeg lyttet til Éliane Radigues Transamorem-Transmortem». Eit Youtube-søk avslørte at dette er eksperimentell suse-musikk det er relativt ubehageleg å lytte til når ein har tinnitus frå før. Men dikta har den same fortetta, sanselege og lett nostalgiske stemninga som er så karakteristisk for Christiansen:

«Som da jeg hørte på de tomme kassettene våre, klakkingen fra spillerens knapper og det øde suset fra den gang: ubehjelpelige svømmetak, kjærlighet, sollys i en furuskog – og da mener jeg bestemt «sollyset i furuskogen».»

Rundt årtusenskiftet intervjua eg Christiansen på ein bokcafé og var så dum å seie at eg syntest mange av dikta hans var vanskelege. Nokon i publikum bad om eit døme, og det blei ein ganske svett seanse kor eg bladde febrilsk i boka og plutseleg ikkje fann noko som var uforståeleg nok. No, mange år etter, legg det ein dimensjon til dikta hans å sjå dei i ein kontekst av ny, fransk poesi.

Lundbo skriv i den nemnde artikkelen at Christiansen som redaktør for Oktober forlag sin serie med gjendikta poesi, har mykje av æra for at ny fransk poesi har blitt meir kjent i Noreg. Og eg ser slektskapen med dei andre poetane i antologien i det prosanære og springande uttrykket. Men bruken av motiv frå sansing og natur samt paradoksale formuleringar skaper ei lyrisk og romantisk-nostalgisk stemning som eigentleg minner like mykje om den meir tradisjonelle poesien Lundbo kallar «lyrisme»: dikt som song og uttrykk for «jeg-ets følelser her og nå». Den skrivesituasjonen Christiansen sjølv fortel om, «mens jeg lyttet til …», peikar same veg. Det er altså ikkje så lett å fri seg frå kategoriane, sjølv i lesinga av poesi som vil sprengje dei.

Lyrisk etterutdaning
I eit foredrag ved Kritikerseminaret på Lillehammer i 2015 heldt Gunnar Wærness mangelen på kunnskap om fransk nypoesi fram som ei sentral innvending mot norsk poesikritikk. Han hadde sjølvsagt rett, og eg meldte på den tida knapt poesi sjølv, men eg vart sur likevel. Kor mykje etterutdanning er det rimeleg å forlange med den betalinga vi får, tenkte eg.

Hadde eg lese første utgåva av Den engelske kanal (2013), kor Wærness var representert med kollasj av poesi og biletkunst, hadde eg kanskje klart å kopla utsegna til at han sjølv representerer nye, kontinentale sjangeroverskridande poesipraksisar som òg involverer musikk og film. Men dermed kjem Wærness-sitatet eg starta artikkelen med, i eit litt anna lys: I møte med poesi som ikkje byggjer meininga opp, men ned, treng ein faktisk større forkunnskap enn elles.

Utgjevingar som Den engelske kanal gjer dermed at poetane kan krevje meir av kritikken – men krev også mykje av lesaren. For antologien gir eit møte med andre måtar å tenke poesi på enn det vi vanlegvis ser i norske bøker, og manar til diktlesing som ei mentalt utvidande estetisk erfaring kor tekstintern meining berre er éin dimensjon. Eit informativt forord kunne letta forståinga, men kanskje redaktør Sværen syntest det ville ha vore for mykje av eit knefall for meininga. Lundbos artikkel gjer nytta, men for å finne den må ein vite nok til å gjere eit søk på «nypoesi».

Det store spørsmålet eg sit igjen med etter lesinga, er likevel om ein poetisk praksis for nedbygging av stivna meining og motsetnadar faktisk kan påverke samfunnet. Finst det ein kulturversjon av «the trickle down effect» når den økonomiske varianten er ei nyttig myte for dei rike? Vil tankane bak ein poetisk praksis med tida få ein effekt også i kulturframande krokar av samfunnet? Eg håper at tankar er enklare å spreie enn pengar, men er langt frå sikker. Så eg ber som tvilaren på bedehuset: Hjelp meg å tru det! 

Powered by Labrador CMS