Marit Eikemo

Marit Eikemo inkluderer alt

Baksnakk. Sida der Olaug Nilssen framsnakkar, baksnakkar og kjem med gode tips til prokrastinering.

I Morgenbladet den 12. august 2016 skriv Marit Eikemo ein kommentar om korleis fleire forfattarar skyr moderne teknologi både i sitt eige liv og i bøkene. Å stenge ute internett og sosiale medier, er for fleire ein strategi for å klare å konsentrere seg om å skrive skjønnlitteratur, slik det for andre er ein nødvendig strategi for å klare å konsentrere seg om jobb og meistring av privatliv. Å utelate mobiltelefonar frå romanar, er ein enkel måte å gjere livet litt vanskelegare for karakterane på, å gjere romanen litt meir lesarvenleg, faktisk, litt meir spanande. Det tar jo lengre tid for dei å finne ut av ting utan mobiltelefonen som sin forlenga arm.
Marit Eikemo er ein av dei forfattarane som går inn i si tid, ikkje berre i litteraturen, men også i sitt øvrige yrkesliv og offentlege framtoning. I romanane hennar sit journalistane og vekslar mellom word-dokumentet dei jobbar med og Facebooken i fana ved sidan av, andre fotograferer ei framand, død kvinne og deler bileta på sosiale medier, med påfølgande fordømming frå følgjarane. I den førebels siste romanen Alt inkludert, blir finn.no frå internett utgangspunktet for ei spiss og tankevekkande framstilling av relasjonar mellom høg og låg i det norske samfunnet i dag. Det dirrar av uoverkomelege, usynlege tersklar når givaren av eit spisebord fotograferer seg sjølv saman med bordet og den underdanige mottakaren. Skamrøden kokar når ho som gir bort ei rekke gjenstandar frå eit dødsbu via finn.no, snakkar høgt i mobiltelefonen om kor ekkelt det er at folk faktisk kjem og forsyner seg av gjenstandane til den avdøde mora. Bloggaren som på den eine sida gret over sitt fasadeliv i møte med ho som kjem for å overta barneklede som knapt har vore brukte, skriv på neste side eit blogginnlegg om viktigheita av å dele godar med andre, at det er bra for både givar og mottakar. I same roman spelar hovudpersonen Candy Crush til tid og stad og barn blir gløymt. Barnet veit ikkje kva ein fjelltur er. Nettopp dette siste blei av ein kritikar framheva som utruverdig, for kva for eit barn er det som ikkje veit kva ein fjelltur er? Folk lever forskjellige liv, svarte Eikemo.
Nettopp denne innsikta kan det av og til sjå ut som om ikkje berre kritikarar, men også forfattarar og andre kunstnarar har gløymt. Skriving kan springe ut av så mange typar livssituasjonar, og det er ikkje berre det reine, einsame skrivelivet som profesjonaliserer ein forfattar. Marit Eikemo har ei lang
og variert karriere som deltakar i ålmenta, som journalist og medskapar av Bergens Tidenes legendariske utelivsbilag «tid og sted», som redaktør i Syn og Segn, som kommuniksjonssjef
for Festspillene i Bergen, som sjef for Litteratursymposiet i Odda, som redaktør på forlaget Vigmostad & Bjørke (mellom anna for Inga Marte Thorkildsens debattbok Du ser det ikke
før du tror det og for Ragnhild Gylvers opplysande og avslørande Mersalgsdronningen) og no som påtroppande sjef for Cornerteateret i Bergen.
Eg beundrar dette. Eg respekterer dette. Eg opphøgjer dette.

«For at det ikkje skal bli for mykje ros og positivitet, må eg klage på noko skjønnlitterært som ikkje er heilt vellukka»

Den einaste innvendinga eg har mot Marit Eikemos forfattarskap,
er at ho ikkje har god nok greie på Candy Crush.
Det stoppar brått opp i Candy Crush når du har brukt opp liva
dine, og må vente på tildeling av nye. Dette irriterande faktum,
og påfølgande mulige pengesluk når du blir freista til å
kjøpe boosters, får ei stemoderleg handsaming i Alt inkludert.
Skjerpings, Marit!

Ane Nydal

I den så godt som utømelege kjelda med eksempelforteljingar 250 fortellinger for barn og unge av Mia Hallesby (kona til helvetespredikanten Ole Hallesby), er det fleire forteljingar som åtvarar mot sladring om andre. Ein skal prøve historiene sine mot dei tre dommarane Sanning, Nødvendigheit og ein til, som eg no har gløymt namnet på, men han heitte nok noko storslått han også. Eg gjer gjerne narr av Mia Hallesby og eksempelforteljingane hennar, men dette er jo, som det meste andre ho skreiv, heilt sant. Nokre moralske rettesnorer bør ein ha i livet sitt, sjølv om ein neppe rettar seg noko særleg etter dei.
Det gjer i alle fall ikkje forfattarar. Løgnaktige sladrehankar!
Ane Nydal er ein eminent journalist. I vår debuterte ho
også som forfattar, med novellesamlinga Famlere. Dette burde
ikkje overraske nokon, i alle fall ikkje meg, som hadde
Ane som elev i eitt av åra eg jobba på Skrivekunstakademiet.
Ei heller overraskar det at ho tematiserer journalistgjerninga i
boka. I samlingas første novelle Charles viser ho dei glidande
overgangane mellom eit tillitsfullt møte mellom to menneske
og ei illojal utnytting frå ein journalist.
Det er som om han ikke ser at hun noterer. Han glemmer seg,
blir uoppmerksom fordi hun er så oppmerksom. Han ser ned
på armen sin, og gjentar dette med at han aldri har hatt noen
nære relasjoner.
Kva kan vi seie om kvarandre og til kvarandre, kva vi kan
tillate oss å definere om andre, berre gjennom omtalen av dei?
I Ane Nydals novelle blir problemstillinga langt spissare enn
sladderet rundt lunsjbordet, fordi det ligg politisk brennbart
stoff i Charles forteljing, og fordi journalisten, «jenta», veit at
avisene heime er interesserte. Og ikkje berre dei. Vi søker alle
det heile biletet, stolar på dei som grev og undersøker, dei som
vinn tillit, dei som orkar å høyre.
Eg vil naturlegvis tilrå heile novellesamlinga, men det er
denne eg går og tenkjer og gnurar på, og får vondt av. Vi tar
frå andre når vi fortel om dei. Det må vi leve med, for utan
går ikkje verda framover.
Sortere sokkar

Dagens tips til prokrastinering er like dårleg som det eg kom
med i førre utgåve av BLA. Men som sjølvbedrag fungerer
det bra. Man tager posen med enkeltsokkar som har hopa seg
opp etter utalde klesvaskar og tørketromlingar. Man tømmer
den ut over skrivebordet, så den dekker alle utskrivne manussider
og gule lappar med påminningar om kva som skal gjerast
i siste manusrunde. Man sorterer haugen etter storleik
på sokkane, farge og mønster. Man legg seg ned på golvet og
kjenner på angsten for begge uoverkomelege